LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid innafor tekstilkunst

Søknadsfrist: 26.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid innafor tekstilkunst

Ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst er det ledig ei stilling som stipendiat i tekstilkunst (100%). Tilsetjing er for ein åremålsperiode på 4 år, med 25 % pliktarbeid. Ph.d.-utdanninga skal kvalifisere for kunstnarleg utviklingsarbeid av internasjonal standard og for anna arbeid i samfunnet der det stilles store krav til kunstnarleg innsikt og kompetanse, i samsvar med god akademisk skikk og etiske standardar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi søkjer ein stipendiat som kan drive kunstnarleg utviklingsarbeid innafor fokusområdet tekstilkunst i det tverrfaglege miljøet ved Kunstakademiet. Potensielle søkjarar må kunne arbeide aktivt på tvers av materialar og kunstnarlege metodar og ønske å utvikle nye retningar innafor tekstilkunst.

Kunstakademiet søkjer ny kunnskap innafor feltet gjennom kunstnarleg utviklingsarbeid som utforskar idear rundt handverk, kulturarv og identitet innafor tekstilkunst. Forsking som tar for seg veving, materialar, konstruksjonar og farging er av særleg interesse. Stipendiaten må ha ein kunstnarleg praksis innafor tekstilkunst og kunnskap om tekstil som forskingsfelt. Den som vert tilsett må òg kunne bidra i undervisninga innafor rammene av pliktarbeidet.

Prosjektskildringa:

Prosjektskildringa skal plassere prosjektet innafor tekstilkunst som forskingsfelt, og presentere tema, problemstillingar, kontekst, metode, og val av arbeids- og presentasjonsformer. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i, og relevans for, fagmiljøet ved Kunstakademiet, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, og dessutan mogelege rettslege og etiske problemstillingar.

Søkjarar må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og samarbeidspartnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet. Vi oppmodar søkjarar å ta kontakt med ein aktuell rettleiar i fagmiljøet for å avklare relevans for forskingsmiljø og moglegheit for rettleiing.

Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i kunstnarisk utviklingsarbeid ved institutta og fakultetet i utforminga av prosjektet, sjå her.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad i kunst eller tilsvarande utdanning. Graden må vere fullført innan søknadsfrist.
  • Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis og produksjon på høgt nivå
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Universitetet i Bergen.

Pliktarbeidet utgjer 25 % av stillinga, og kan strukturerast som ein integrert del av den samla tilsetjingsperioden på 4 år.

Fakultetet vil normalt stille krav om residensplikt.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 501 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring på maksimalt 3000 ord
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarisk verksemd
  • Dokumentasjon av formell fagleg kompetanse, inkl. karakterutskrifter
  • Tidsplan
  • Budsjett (sjå vår nettside)
  • Forslag til rettleiar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge. Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Johan Sandborg, johan.sandborg@uib.no, tlf. nr. +47 55 58 74 31, mobilnummer +47 918 22 598

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS