Vi søkjer ein inspirerande og involerande leiar som kommuniserer godt, er tydeleg, samlande og kjenner fagfeltet.
Direktør til Kvinneklinikken
Søknadsfrist: 15.08.2024
Publisert
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Vi søkjer ein inspirerande og involerande leiar som kommuniserer godt, er tydeleg, samlande og kjenner fagfeltet. Gjennom leiarskap gjer du andre god.
Vi søkjer ein inspirerande og involerande leiar som kommuniserer godt, er tydeleg, samlande og kjenner fagfeltet. Gjennom leiarskap gjer du andre god.
Kvinneklinikken skal gi eit fagleg høgverdig tilbod innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar i vårt opptaksområde.
Vi er den nest største føde/barseleininga i Noreg, med mellom 4000 og 4500 fødslar i året.
Vi har ei stor gynekologisk avdeling der vi har eit breitt tilbod innan gynekologiske sjukdommar og regionansvar for behandling av gynekologiske sjukdommar.
Klinikken har nasjonalt behandlingsansvar for gynekologiske fistlar.
I samarbeid med universitet og høgskular har vi eit sterkt forskingsmiljø.
Som direktør for Kvinneklinikken legg du til rette for at dei tilsette i klinikken kan arbeide med forsking og systematisk fagleg utvikling for å kunne tilby pasientane våre behandling og oppfølging av god kvalitet. For å lese meir om Kvinneklinikken sjå her.
Fødselshjelp og kvinnehelse er tema som vekker stort engasjement i befolkninga og Kvinneklinikken opplever stor interesse frå omverda. Som klinikkdirektør er det forventa at du kommuniserer godt internt og eksternt, og har ei tydeleg stemme i den offentlege samtalen.
Dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Du vil leie og utvikle ein klinikk med mange kompetente og flotte medarbeidarar. Du må evne å tenke strategisk og samtidig leie for å nå operative mål. Saman med dei tilsette skal du utvikle Kvinneklinikken for framtida gjennom forbetringsarbeid som involverer pasientar og pårørande. Det er om lag 440 tilsette fordelt på om lag 300 årsverk og eit kostnadsbudsjett på 440 millionar kroner.
Vi søker ein direktør som:
har god oversikt over fagfeltet
kan bidra til å møte samfunnet sine forventingar til satsing på kvinnehelse gjennom forsking, fagutvikling og god pasientbehandling
lyttar til dei tilsette, pasientar og pårørande, og bygger openheit og tryggleik
evnar å ta tak i utfordringar og moglegheiter med relevante tiltak
blir motivert av komplekse oppgåver
kombinerer relasjonell leiing med strategisk arbeid og analyse
Hausten 2023 flytta Kvinneklinikken inn i Glasblokkene saman med mellom anna Barne- og ungdomsklinikken.
Eit nytt bygg gjer det mogeleg å tenke nytt, slik at vi vidareutviklar vår felles helseteneste. Det blir forventa at du som leiar er ein pådrivar i å vidareutvikle tilbodet i tråd med dette og dei helsepolitiske føringane.
Som klinikkdirektør rapporterer du til administrerande direktør Eivind Hansen, og du blir del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.
Arbeidsoppgåver
Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering
Vere ein aktiv bidragsytar for å legge til rette for vår felles helseteneste
Leie strategi-, verdi- og haldningsarbeid
Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønske om kontinuerleg å forbetre tenestene og eigen arbeidskvardag
Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
Medansvar for å bidra til at føretaket når sine mål
Kvalifikasjonar
Helsefagleg, medisinsk-, eller anna relevant høgare utdanning på masternivå
God og relevant leiarerfaring med leiing av mål- og strategiarbeid
Leiarutdanning/-kurs
God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar
Erfaring frå leiing av forskingsdriven utvikling og innovasjon
Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samarbeid med universitet og høgskular
Personlege eigenskapar
Inspirerande, involverande og handlekraftig
Overordna styrings- og gjennomføringsevne
Resultat, økonomi- og organisasjonsforståing
Strukturert og planmessig i arbeidet
Robust med evne til å være tydeleg og synleg
Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft
Vi tilbyr
Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
Lønn etter avtale
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.