LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiatstilling - historie og innovasjon

Søknadsfrist: 08.08.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.

Handelshøgskulen HVL er eit nytt institutt med om lag 2000 studentar og 150 tilsette i Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har ansvar for fagtilbod mellom anna innan økonomi og administrasjon, innovasjon, regional utvikling, samfunnsvitskap og humaniora, til saman 11 bachelorprogram, fire masterprogram og fleire årseiningar og delstudium. Instituttet har eit sterkt fag- og forskingsmijø og er sentralt i doktorgradsprogrammet RESINNREG

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som stipediat (100%) innan fagområdet historie og innovasjon ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, campus Sogndal

Om stillinga:

Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innanfor ei tidsramme på 4 år der 25% av arbeidstida vil vere pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon. Pliktarbeidet skal utførast ved Høgskulen på Vestlandet.

Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL og det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsstaden sin ved campus Sogndal.

Det er ønskjeleg med tiltreding 01.01.2025.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiatstillinga er knytt til temaet "Samfunnsmessige og menneskelege konsekvensar av innovasjon".

Innovasjon blir gjerne brukt som eit fyndord og omtalt som løysinga på fortidige, samtidige og framtidige samfunnsproblem. Innovasjon har likevel ofte hatt utilsikta og samansette effektar, og innan forskingspolitikk, akademia og næringsliv har ein i seinare tid derfor understreka betydninga av ansvarleg forsking og innovasjon. Stipendiatstillinga og doktorgradsprosjektet vil bidra på dette feltet ved å undersøke innovasjon som eit historisk fenomen med langsiktige og ofte uoversiktlege verknadar.

Moglege temaområde, som må knytast opp til historisk empiri, kan vere (men er ikkje avgrensa til):

  • Komplekse, langsiktige konsekvensar av innovasjon for menneske og samfunn
  • Tilhøvet mellom teknologisk endring, fridom, og medbestemming
  • Vekselverknadar mellom innovasjon, folkeleg engasjement eller motstand, og politisk regulering
  • Om ansvarleg innovasjon er mogleg under uføreseielegheit og kontingens
  • Innovasjoners rettferdiggjørelse

Prosjektet må ha ei historisk tilnærming, men vi åpnar for bruk av både kvalitative og kvantitative metodar.

Det er ein føresetnad at stipendiaten sitt prosjekt blir innretta slik at stipendiaten kan takast opp på ph.d.-programmet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG). Rettleiar vil saman med kandidaten utarbeida ein detaljert plan for forskarutdanninga, som skal knytast til opptak på ph.d.-programmet.

RESINNREG har tre pilarar (industriell innovasjon, grønn innovasjon, og innovasjon i offentlig sektor) og søknaden bør orientere seg mot ein eller fleire av desse. Sjå omtale, studieplan og opptakrav for programmet på våre heimesider.

Stipendiaten vil inngå i forskargruppa "Samfunnsendring, mobilitet, ungdom, kultur og kunnskap" (SMUKK), med særleg tilknyting til områda samfunnsendring og kunnskap. Stillinga er ein KD-finansiert mellombels stipendiatheimel.

Kvalifikasjonskrav:

Stillinga har slike krav:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i historie eller relaterte fagområde med høg relevans for stipendiatstillinga. Kandidatar med annan disiplin- eller profesjonsbakgrunn kan vurderast dersom dei har ein historiefagleg komponent i utdanninga og ei historisk innretning på prosjektskildirnga (sjå nedanfor).
  • Mastergradsoppgåva skal vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden (120 stp.) skal vera godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen. 
  • Den som blir tilsett må dekke krava til opptak til Ph.d.programmet RESINNREG. Opptak krev normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva og eit gjennomsnitt på C eller betre for studiedelen. Du finn meir informasjon om dette her.
  • Gode ferdigheiter i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Det er ønskjeleg at søkjar har kunnskap om innovasjon i historiske perspektiv, og om samspelet mellom teknologiutvikling og økonomisk, sosial, og politisk endring. Prosjektskildringa bør vise dette
  • Erfaring frå forskingsarbeid (inkludert eventuelle publikasjonar), formidling og undervisning blir vektlagt

Personlege eigenskapar:

  • Gode føresetnadar for å gjennomføre doktorgradsutdanningen i løpet av stipendiatperioden
  • Gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
  • Gode analytiske ferdigheiter, struktur og stor arbeidskapasitet
  • Evne til å arbeide effektivt og systematisk
  • Evne til nytekning og gjennomføring

Prosjektskisse:

Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektbeskriving på maks fem sider med utgangspunkt i temaet "Samfunnsmessige og menneskelege konsekvensar av innovasjon". Skissa skal skildre tema, problemstillingar, val av teori og metode, og plan for gjennomføringa av prosjektet.

Den førebelse prosjektbeskrivinga vil bli nytta i vurderinga av kandidaten sine kvalifikasjonar og er ikkje den endelege prosjektbeskrivinga. Stipendiatprosjektet vil bli vidare utforma i samråd med hovudrettleiar.

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ei eventuell tilsetjing. Seinast 3 månadar etter tilsetjing må stipendiaten ha fått opptak på det aktuelle ph.d.-programmet. Meir informasjon om tilsetting i stipendiatstilling kan du finne på HVL sine heimesider: Tilsetting i stipendiatstilling - Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane blir vurdert ut frå den informasjonen som søkjar sjølv har lagt inn ved søknadsfristens utløp. Det er søkjaren sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder:

  • masteroppgåva
  • prosjektskissa
  • attestar og vitnemål
  • CV og fullstendig publikasjonsliste
  • inntil 5 vitskaplege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du som søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må dokumentere at utdanninga samsvarar med ein norsk mastergrad på 120 stp. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar blir vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav som er fastsett i utlysinga. På grunnlag av komitéen si innstilling vil dei mest aktuelle søkjarane bli kalla inn til intervju.

Søknadene blir sendt elektronisk til bedømmingskomitéen. Søknader kan difor ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for tiltreding i stipendiatstillinga.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem, som kan vera aktuell i handsaminga av søknadene.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleiar Harald Bjørnøy, harald.bjornoy@hvl.no/ +47 55 58 75 46
  • Instituttleiar Tone Merete Brekke, tone.brekke@hvl.no / +47 52 70 27 41

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS