LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat innan Pedagogisk innovasjon (prosjekt EX-PED-LAB)

Søknadsfrist: 10.09.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig mellombels stilling som stipendiat innan Pedagogisk innovasjon ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Bergen, er det ledig ei treårig åremålsstilling som stipendiat innan pedagogisk innovasjon.

Vi søkjer etter kreative, motiverte og sosialt engasjerte ph.d. kandidatar. Stillinga i pedagogisk innovasjon er ei forskar og utdanningsstilling som skal gi lovande forskarar moglegheit til fagleg utvikling relevant for barnehagelærarutdanninga og barnehagesektor. Viss du har kunnskap om eller interesse for å lære design for pedagogisk innovasjon, kan du vere den kandidaten vi søkjer. Stillinga skal styrke kunnskapsgrunnlaget for korleis ein skaper berekraftige praksisar.

Systemtenking, samskaping og innovative design er av UNESCO definert som nøkkelkompetanser for berekraftige framtider. Pedagogisk innovasjon i høgre utdanning og i barnehagesektor skal bidra til betre utdanningar i tråd med FNs agenda 2030. Pedagogisk innovasjon vil kunne innebere endring eller forbetring av praksis, men kan også bety å utvikle nye praksisar. Som grunnlag for berekraftig design søkjer vi å skildre pedagogisk innovasjon som ein generisk design prosess, kva det er i barnehagelærerutdanninga og kva det kan vere når verkstaden og samskapinga står fremst.

Stillinga er lagt til miljøet ved BARNkunne - Senter for barnehageforskning. Senteret utgjer eit tverrvitskapeleg kunnskapsmiljø for forskning, formidling og undervisning i barnehagelærarutdanning, masterutdanning i barnehagekunnskap og utdanning på doktorgradsnivå. BARNkunne utgjer eit sterkt og mangfaldig fagleg miljø, der det er plass til fleire. Miljøet er leiande på pedagogiske design som tar i bruk samskaping med mål om å skape ny kunnskap som kan bidra til endra praksis for berekraftige framtider.

Stipendiatprosjektet må vere tematisk relevant for fakultetet si forskningsverksemd og for ph.d.-programmet "Danning og didaktiske praksisar".

Fakultetet si forsking er organisert i to forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 47 forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER.

Ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet HER.

Stipendiatstillinga er rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Samla stipendiatperiode er tre år. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved HVL, campus Bergen i tilsettingsperioden.

Det er ønskeleg med tiltreding seinast innan 01.01.24.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiatstillinga er knytt til prosjektet EX-PED-LAB (Sustainable design in kindergarten sector through Exploration and Pedagogical Innovation Laboratory, på norsk kalt Verkstader for utforsking og pedagogisk kreativitet (EX-PED-LAB) ‒ bærekraftige design i barnehagesektor).

Prosjektet undersøker korleis bruk av verkstader kan skape innovasjon i pedagogisk praksis i barnehage og barnehagelærarutdanning. Stipendiatstillinga skal prøve ut verkstad som arbeidsform i undervisninga i barnehagelærerutdanninga (BLU), og kan om ønskeleg og hente sitt empiriske grunnlag saman med relevante partnarar.

Vi søkjer etter originale og gjennomførbare prosjekt med gode problemstillingar. Det er ei forventing at prosjektets problemstillingar og analysar bidrar til ny kunnskap om pedagogisk innovasjon som er relevant for BARNkunne sin profil, for barnehagesektoren og for rekruttering til barnehagelærarutdanningar i Norge. Å skildre, forstå og designe pedagogikk i utdanninga frå barnehage til lærarutdanning krev design som er tverrfaglege. Prosjektet har gruppemedlemmar frå ulike disiplinar og fagleg bakgrunn og innhaldet må kunne kjennast igjen som fagleg relevant for berekraft og utvikling av kreative arbeidsformer. 

Det er forventa at stipendiaten fullfører ein ph.d. avhandling innan tre år, basert på fagfellevurderte artiklar. Vidare at stipendiaten deltar aktivt i intellektuelt og sosialt forskargruppearbeid. Dette inneber å vere medforfattar, å dele arbeid undervegs i seminar, verkstad, konferansar og å delta aktivt i miljøet.

Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det vert forutsett at stipendiaten sitt prosjekt innrettast slik at stipendiaten kan bli teke opp på ph.d.-studiet.

Kvalifikasjonskrav:

  • Mastergrad med karakter A eller B
  • Relevant profil i forhold til stillinga og ein sterk fagleg bakgrunn frå tidlegare studium. Det kan vere fullført mastergrad i berekraft, innovasjon, design, kunst, barnehagekunnskap, pedagogikk, eller fagkombinasjonar innafor desse områda.
  • Meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt engelsk

Ved tilsetting av stipendiat vil det bli lagt vekt på følgande kriterier:

  • Prosjektskildring og kvaliteten på denne
  • Eksempel på kreativt arbeid (eige eller som deltakar saman med andre)
  • Forskingsrelevant erfaring, slik som publisering og deltaking i forskingsprosjekt frå inntil siste tre år

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til lærar/barnehagelærarutdanning er ein fordel

Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved HVL og oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet:

  • Søkjer må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:
    • Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
    • Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre
    • Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.

Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER

Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-programmet. Stipendiaten vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden.

Søkjarar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på 5 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa. 

Personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett må

  • ha gode samarbeids- og formidlingsevner
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
  • høg etisk medvet i forskingsarbeidet er påkravd (særleg gjeld dette når personar innan eige utdanningsfelt vil inngå som deltakarar i dataproduksjonen)

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva
  • prosjektskildring
  • inntil 5 vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - stipendiat (minimumslønn 532 200 kr/år). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Spørsmål om stillinga

  • Torunn Herfindal (Assisterende instiuttleder), 55 58 57 39, Torunn.Herfindal@hvl.no
  • Elin Eriksen Ødegaard (Professor), 55 58 59 32, Elin.Eriksen.Odegaard@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS