Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett.
HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.
Handelshøgskulen HVL er eit nytt institutt med om lag 2000 studentar og 150 tilsette i Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har ansvar for fagtilbod mellom anna innan økonomi og administrasjon, innovasjon, regional utvikling, samfunnsvitskap og humaniora, til saman 11 bachelorprogram, fire masterprogram og fleire årseiningar og delstudium. Instituttet har eit sterkt fag- og forskingsmijø og er sentralt i doktorgradsprogrammet ansvarleg innovasjon og regional utvikling (RESINNREG)
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har inntil to ledige stipendiatstillingar i markedsføring og innovasjon ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS), Handelshøgskulen HVL (HH), fagseksjon markedsføring og reiseliv, er det ledig 1-2 åremålstillingar som stipendiat i markedsdsføring og innovasjon.
Begge stillingane har arbeidsstad ved campus Sogndal.
Stillinga(ne) er ledig for tiltreding frå 12. august 2024, og helst innan utgangen av september.
Om stillingane
Stilling som stipendiat har fullført doktorgradsutdanning fram til doktorgrad som mål.
Stipendiaten vil inngå i phd-programmet "Ansvarleg innovasjon og regional utvikling" (RESINNREG). Ei framtidsretta forskarutdanning med vekt på ansvarleg innovasjon for ei berekraftig regional utvikling. RESINNREG er eit tverrfagleg phd-program, organisert i tre strategiske tverrfakultære forskingsprogram på felta industriell innovasjon, grøn innovasjon og innovasjon innan offentleg sektor. Du finn meir informasjon om phd-programmet her.
Tidsramma for stillinga er 4 år der 25% av arbeidstida vil vere pliktarbeid, hovudsakleg i form av undervisning og undervisningsrelaterte oppgåver. Pliktarbeidet skal utførast ved HVL.
Stipendiaten skal vera deltakande i fagmiljøet og bidra til eit aktivt forskingsmiljø i HVL og på campus Sogndal.
Stillingane som stipendiat i marknadsføring og innovasjon ved Handelshøgskulen HVL, vil bli knytt til fakultetet si forskingsgruppe for Markedsføring, reiseliv og innovasjon.
Ansvars- og arbeidsområde:
Vi søkjer høgt motiverte kandidatar med interesse for å publisere forsking i nasjonale og internasjonale tidskrift, og for å delta på konferansar.
Som søkjar til stillinga bør du ha interesse for å forska på korleis nye og innovative teknologiar påverkar viktige marknadsføringsaktivitetar, og deira kopling til berekraftig forbrukaråtferd og bedrifta si yteevne. Det vil vere relevant å sjå på korleis psykologiske faktorar hjå kunden, som identitet, aksept og innovativitet, påverkar kundeadferda. Aktuelle prosjekt bør utforske synergiar mellom nye og innovative teknologiar, psykologiske faktorar og marknadsføringsaktivitetar langs verdikjeda, inkludert strategi og planlegging, både grunngjevinga bak og samsvaret med kundane sine forventningar og åtferd.
Det er ein føresetnad at stipendiaten sitt prosjekt blir innretta slik at stipendiaten kan takast opp på ph.d.-programmet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling (RESINNREG). Rettleiar vil saman med kandidaten utarbeida ein detaljert plan for forskarutdanninga, som skal knytast til opptak på ph.d.-programmet. Sjå omtale, studieplan og opptakrav for programmet på programmet si nettside Responsible Innovation and Regional Development
Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ei eventuell tilsetjing som stipendiat. Som hovudregel skal stipendiaten innan 3 månadar etter tilsetjing ha fått opptak på det aktuelle ph.d.-programmet. Meir informasjon om tilsetjing i stipendiatstilling finn du på hvl.no, Tilsetting i stipendiatstilling - Høgskulen på Vestlandet.
Kvalifikasjonskrav:
Stilling som stipendiat har slike krav:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad innanfor marknadsføring og innovasjon, til dømes Master of Science in Business. Andre mastergrader med høg relevans for fagområdet kan òg vurderast
Mastergradsoppgåva skal vere levert til vurdering innan søknadsfristen for stillinga, og mastergraden (120 stp.) skal vere godkjent seinast 4 veker etter søknadsfristen
for å bli tilsett må søkjar dekke krava for opptak til Ph.d.programmet RESINNREG. Opptak krev normalt karakteren A eller B på masteroppgåva og eit gjennomsnitt på C eller betre for studiedelen
Gode språklege ferdigheiter, både skriftleg og munnleg, i norsk eller i eit anna skandinavisk språk i tillegg til engelsk
God IKT-kompetanse
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring med prosjektarbeid, formidling og rettleiing
Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga
Faglege kvalifikasjonar innanfor temaområdet
Relevant metodekompetanse
Internasjonalt nettverk
Personlege eigenskapar:
Gode føresetnadar for å gjennomføre doktorgradsutdanninga i løpet av stipendiatperioden
Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
Evne til å arbeide effektivt og systematisk
Gode samarbeids- og formidlingsevner
Gode analytiske ferdigheiter
Evne til nytekning og gjennomføring
Prosjektskisse:
Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektbeskriving på maks fem sider. Skissa skal skildre tema, problemstillingar, val av teori og metode, og plan for gjennomføringa av prosjektet. Denne førebelse prosjektbeskrivinga vil bli nytta i vurderinga av kandidaten sine kvalifikasjonar og er ikkje den endelege prosjektbeskrivinga. Stipendiatprosjektet vil bli vidare utforma i samråd med hovudrettleiar.
I vurderinga av søkjarane blir det lagt særleg vekt på følgjande kvalifikasjonar:
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadane blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i Jobbnorge ved søknadsfristens utløp.
Det er søkjaren sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder
masteroppgåva
prosjektskissa
attestar og vitnemål
CV og fullstendig publikasjonsliste
inntil 5 vitskaplege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du som søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må dokumentere at utdanninga samsvarar med ein norsk mastergrad på 120 stp. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til stipendiatstillingar blir vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav som er fastsett i utlysinga. På grunnlag av komitéen si innstilling vil dei mest aktuelle søkjarane bli kalla inn til intervju.
Tilsettingsorgan for stillinga er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadene blir sendt elektronisk til bedømmingskomitéen. Søknader kan difor ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
Moglegheiter for trening i arbeidstida
Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for tiltreding i stipendiatstillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem, som kan vera aktuell i handsaminga av søknadene.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av justeringar i HVL si interne organisering.