LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i utrekningsorientert matematikk for geovitskap

Søknadsfrist: 14.11.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i utrekningsorientert matematikk for geovitskap med oppstart i perioden 1. desember 2023 til 15. april 2024. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. 

Stillinga er knytt til ERC Consolidator Grant “Mathematical and Numerical Modelling of Process-Structure Interaction in Fractured Geothermal Systems” (MaPSI) og VISTA Senter for Modellering av koblet undergrunnsdynamikk (CSD).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I utvikling og produksjon av høgtemperatur geotermiske ressursar, resulterer store induserte gradientar i trykk og temperatur under injeksjonsoperasjonar i komplekse kopla prosessar. Det inkluderer koking av geotermiske fluid og deformasjon av den oppsprukne bergarten, kopla dynamikk som så langt er lite forstått. Dette gjev motivasjon så vel som utfordrande testforsøk for ny matematisk og numerisk metodikk som vil bli utvikla i MaPSI-prosjektet.

MaPSI har som sitt hovudmål å lage matematiske modellar og simuleringsteknologi som krevjast for å vurdere prosess-strukturinteraksjon i undergrunnen i samanheng med hydraulisk og termisk stimulering i utvikling og produksjon av høgtemperatur geotermiske ressursar. Dette inkluderer utvikling av numeriske metodar for å modellere reservoar casestudie med fleirfaseflyt og faseovergangar i termo-poroelastiske media med sprekkar som kan gli, deformerast og propagere. Programvareutvikling i prosjektet byggjer på det opne kjeldekodeverktøyet PorePy (github.com/pmgbergen/porepy), som allereie har god funksjonalitet for å modellere fleirfaseflyt og kopla prosess-strukturinteraksjon i oppsprukne porøse media.

Kandidaten som vert tilsett vil bidra til forskingsaktivitetar i MaPSI-prosjektet og forskingssenteret CSD. Arbeidsoppgåver kan inkludera utvikling av matematiske modellar, utvikling og implementering av numeriske metodar og implementering av case relevant for å forstå prosessar i felt.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor anvendt og utrekningsorientert matematikk eller utrekningsvitskap («scientific computing»), eller alternativt innanfor utrekningsorientert fysikk eller utrekningsorientert geovitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 1. april 2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Utdanning på masternivå og sterk kompetanse innan matematisk modellering, partielle differensiallikningar, numerisk analyse og relatert programvareutvikling er eit krav
  • Gode ferdigheitar i programmering er eit krav
  • Erfaring med numeriske metodar for flyt i porøse media og/eller geomekanikk er ein fordel, men mest vekt vil leggast på bakgrunn i anvendt og berekningsorientert matematikk
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane sine bakgrunn bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. 

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter innan 01.04.2024
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Inga Berre, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, e-post: inga.berre@uib.no, telefon: +47 990 42 244

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, Universitetet i Bergen, e-post: magnus.larsen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS