LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (2 x 100 % i 4 år) ved Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS)

Søknadsfrist: 20.08.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat (2 x 100 % i 4 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig to stillingar som stipendiat (100 %). Stillingane er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillingane er knytt til prosjektet «Decoding Death and Dying in people with Dementia by Digital phenotyping (5-D)», eit prestisjetungt Consolidator Grant frå Det europeiske forskningsrådet (ERC). Dei to stillingane er finansiert av Universitetet i Bergen. Prosjektet har tett samarbeid med Neuro-SysMed, Senter for klinisk behandling av nevrologiske sjukdomar, Haukeland Universitetssjukehus.

5-D er eit nyskapande prosjekt som skal undersøke korleis moderne sensorteknologi kan nyttas til å kjenne symptom hos personar med demens i den siste livsfasen. Det finst ingen pålitelege metodar som kan føreseie at ein person med demens nærmar seg døden. Gjennom innsamling av data frå sjukeheimspasientar skal vi utvikle metodar som gir ei meir presis forståing av smerte, symptom og åtferdsmessige endringar ved livets slutt. I samarbeid med Institutt for klinisk odontologi, Universitetet i Bergen, skal vi også undersøke munnrelaterte symptom og spytt. Det langsiktige målet er betre smertebehandling og symptomlindring, å auke merksemda på den siste fasa av livet, og å optimalisere kommunikasjonen med pårørande, pleiepersonale og fastlegen som vitjar pasienten heime eller på sjukeheim.

Prosjektet er utvikla gjennom brukarinvolvering i alle fasar for å sikre resultat med høg klinisk relevans.

5-D inngår i ei aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe ved SEFAS og 5-D prosjektgruppa vil bestå av ti personar (tre stipendiatar, to postdoktorar, to ingeniørar, ein brukarrepresentant, ein seniorrådgjevar og prosjektleiaren). Alle er tilsett ved SEFAS og deltek i Neuro-SysMed sitt forskingsnettverk med ekspertise på komplekse helseintervensjonar hos personar med demens. SEFAS har tett samarbeid med framifrå universitet i Nederland, USA og Japan. Det er forventa at prosjektet fører til resultat av høg klinisk verdi som kvalifiserer til å publiserast i fagfellevurderte internasjonale vitskaplege tidsskrift. SEFAS og Institutt for global helse og samfunnsmedisin legg til rette for vitskapleg karriereutvikling med langsiktig perspektiv.

Meir informasjon om 5-D finst her.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for datainnsamling til 5-D saman med ein tredje stipendiat og to postdoktorar. Oppgåver inkluderer å inkludere deltakarar, kommunisere med pasientar, pårørande og personalet på sjukeheim; installere og implementere moderne sensorteknologi (kombinasjon av berbare og stasjonære sensorar, med aktiv og passiv registrering), og følgje opp datainnsamling
  • Behandle og analysere datasettet i samarbeid med ingeniørane, inkludert signalbehandling frå berbare einingar (til dømes filtrering og fjerning av støy), estimering og validering av indikatorar for ulike symptom som tyder på (til dømes smerte, agitasjon, søvnproblem)
  • Å utvikle metodar for å overvake symptom på "Point of no return" som ein del av 5-D der sjukeheimspasientar med demens skal kartleggast over tid ved hjelp av sensorregistrering

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i eit relevant fag som til dømes medisin, sjukepleie, farmasi, fysioterapi, ernæring eller odontologi
  • Fullført mastergrad i informatikk, systemteknikk, informasjonsvitskap, anvend matematikk eller anna relevant grad kan også vere aktuelt, så lenge søkjarane også har relevant kunnskap i helsefag
  • Evner innan programmering, kunnskap om algoritmar eller numeriske metodar er ein føremon, men det er ikkje eit krav
  • Det er positivt om kandidaten har basiskunnskap om signalprosessering og biomekanikk, men det er ikkje eit krav
  • I tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, gode samarbeidsevner og evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • Flytande norsk (munnleg og skriftleg) og god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

For stillinga gjeldt følgande:

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eitt av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar.

Forskarutdanning (ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59) 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar 
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS