LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar / seniorrådgjevar - Livslang læring

Søknadsfrist: 01.02.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og omsorgsvitskap har ledig midlertidig stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar innanfor livslang læring

Har du lyst å jobbe med fleksibel og livslang læring? Høgskulen på Vestlandet søker prosjektkoordinator til 100% midlertidig stilling som rådgjevar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap. Stillinga er ledig i eitt år med moglegheit for forlenging.

Om stillinga:

Som prosjektkoordinator innan livslang læring blir du ein pådrivar for utvikling av nye fleksible utdanningstilbod tilpassa arbeidslivet. Du har kontakt med ulik samarbeidspartnarar, både private og offentlege aktørar, for å finne dei beste løysingane for kompetanseheving til arbeidslivet. Du er med i utviklinga av alt frå mindre kurs til masterprogram og har ei koordinerande rolle både i utvikling og drift av utdanningstilboda. Du samarbeider tett med fagmiljø og administrative einingar i HVL, og bidreg til at utdanningstilboda samsvarar med behova i arbeidslivet, nasjonale politiske føringar og støttar opp under HVL sin strategi. Området livslang læring er i stadig utvikling og du må halde deg oppdatert på trendar nasjonalt og internasjonalt. Jobben er variert og samansett og det er aldri ein kjedeleg dag på jobb. Stillinga inngår i fakultetsadministrasjonen og du vil jobbe tett med andre innan livslang læring som bidreg medopplæring og støtte. Du må rekne med noko reising i stillinga.Arbeidsplassen er ein av HVL sine fem campus: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ta initiativ til, planlegge og koordinere prosjekt og aktivitetar
  • Utarbeide ulike søknadar, tilbod, budsjett, kontraktar og oppfølging av desse
  • Kontakt med relevante samarbeidspartnarar
  • Utvikling av ulike leveransemodellar
  • Bidra til regional utvikling gjennom målretta aktivitetar og leveransar innan livslang læring
  • Samordning av fakultetet sin aktivitet innan livslang læring og rådgjeving til fagmiljø
  • Rådgjeving og informasjonsarbeid om fleksible utdanningstilbod i fakultetet
  • Utgreiings-, utviklings og betringsarbeid
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle etter behov

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, helst masternivå
  • Lang relevant erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver og utviklingsarbeid
  • God strategisk og analytisk forståing
  • Sterk munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskoden som seniorrådgjevar vere aktuell. For stillinga som seniorrådgjevar er det krav om relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum fullført mastergrad. Vidare er det ei føresetnad om omfattande relevant fagadministrativ erfaring og spesialkompetanse på særleg høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga. Slik realkompetanse kan kompensere for kravet om fullført mastergrad, med forutsetning at søkjar har bachelorgrad.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Det er ein føremon med erfaring frå etter- og vidareutdanning og kjennskap til universitet og høgskulesektoren, men anna relevant erfaring er også aktuell

Personlege eigenskapar:

  • Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert, tek initiativ og er kreativ
  • Du likar å planlegge, koordinera ulike oppgåver parallelt og taklar å jobbe i ein hektisk og variert kvardag
  • Du samarbeider godt med ulike menneske og bidreg med positiv energi inn i teamet
  • Du jobbar strukturert og systematisk og ser fleire mogelegheiter enn avgrensingar
  • Du er sjølvstendig og har god erfaring med betrings- og utviklingsarbeid
  • Du har gode evner til å vidareutvikle fakultetet sine nettverk

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar eller stillingskode 1364 seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Administrasjonssjef, Trude Engebretsen, tlf: 55 58 78 86, e-post: [email protected]

Søk stilling

Powered by Labrador CMS