Avdelingsingeniør ved Klinisk institutt 1 - Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 07.07.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Stillinga er knytt til forskingsgruppa på paraneoplastiske nevrologisk sjukdommar. Det innebærer inngående kjennskap til dette forskningsfeltet og spesielt paraneoplastisk cerebellær degenerasjon. Arbeidsoppgavene omfatter videreutvikling av forskning innen paraneoplastisk nevrodegenerasjon for dypere forståelse av sammenhengen mellom nerve- og immunsystemet i relasjon til kreft. Forefallande laboratoriearbeid vil også vere ein del av oppgåvene. I tillegg må den som vert tilsett kunne læra opp master- og doktorgradsstudentar i ulike laboratorietekniske metodar.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha relevant bachelorgrad.
Relevant praksis innan nevroimmunologi er eit krav.
Erfaring med cellekultur, konfokalmikroskopi og inngåande kjennskap til avanserte immunologiske metodar er eit krav.
Det er ein fordel å ha samarbeidspartnare innan tilgrensa forskingsfelt.
Vi søkjer ein person som:
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
har relevant kompetanse innan det aktuelle forskingsfeltet.
har gode norsk og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn er for tida kr 555 000 – 575 000 (kode 1085, med Bachelorgrad), Løn er for tida kr 570 000 – 625 000 (kode 1085, med mastergrad). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.