LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent - prosjektet "Understanding Masculinity in Gaming"

Søknadsfrist: 30.07.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Institutt for Informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 25% stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 6 månader. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. 

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Understanding Masculinity in Gaming (2023-2028), som er finansiert av Norges Forskingsråd og del av SFF-senteret Center for Digital Narrative. Prosjektet blir leia av professor Kristine Jørgensen. 

Prosjektet undersøkjer menn sine kjønna erfaringar med dataspelkulturen og kva det vil seie å vere ein mannleg dataspelar. Les meir om prosjektet her: Understanding Masculinity in Gaming | Universitetet i Bergen

Arbeidsoppgåver:

  • Støtte prosjektleiar og prosjektteamet i kvalitativ datainnsamling, herunder transkripsjon, oppfølging av respondentar og gjennomføring av intervju. 
  • Støtte prosjektleiar i planlegging og arrangering av seminar.
  • Bidrag til artikkelskriving kan også førekomme

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i medievitskap, digital kultur, spillstudiar, kjønnsstudiar eller tilsvarande. 
  • Tidlegare erfaring frå kvalitative forskingsprosjekt vil bli vektlagt, særleg erfaring med gjennomføring av forskingsintervju. 
  • Kjennskap til human- og samfunnsvitskapleg spelforsking er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk er eit krav.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Årsløn som vitskapleg assistent med mastergrad, kode 1020, vil bli løna med årsløn kr. 509 300. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”Søk på jobben”.)

Søknadsfrist: 30.07.2025. 

Søknaden skal merkast 2025/7029

Aktuelle søkarar vil bli invitert til intervju.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Kristine Jørgensen, professor: 55 58 41 13 ,kristine.jorgensen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS