LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent studieadministrasjon ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist: 12.08.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her. 

Ei av Noregs mest populære utdanningar treng fleire dyktige administrative medarbeidarar

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent (studieadministrasjon)

Bli ein del av vårt tverrfaglege studieadministrative miljø som jobbar for å utdanne framtidas juristar! Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø med utviklingsmoglegheiter.

I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig to faste 100 % stillingar som seniorkonsulent.

Det er også ledig eit vikariat i 100 % stilling som seniorkonsulent med varigheit ut august 2026 med høve til forlenging. Tiltreding så raskt som mogleg. 

Du blir del av eit engasjert og kompetent team som legg til rette for eit godt studieløp for studentane og bidrar til å ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag. Vi er stolte av studiet fakultetet tilbyr, og masterprogrammet i rettsvitskap har vunne fleire prisar. Som ledd i det kontinuerlege kvalitetsarbeidet implementerte vi ny studieordning i 2021, og prosessen held fram ut vårsemesteret 2026.

Arbeidsoppgåver

Stillinga inneber eit breitt spekter av studieadministrative oppgåver, til dømes

  • Administrative oppgåver som støttar undervisningsaktivitetar for studentar og undervisarar
  • Koordineringsarbeid knytt til eksamenar og sensur
  • Saksbehandling av ulike typar studiesakar
  • Studentinformasjon

Denne stillinga er ideell for deg som er fleksibel og trivst med variasjon. Du må kunne skifte fokus raskt og halde hovudet kaldt i hektiske periodar, og samstundes jobbe effektivt og nøyaktig. Vi ønskjer ein person som kan ta initiativ til forbetringar, og bidra positivt i både det faglege og det sosiale fellesskapet. 

Som følgje av implementering av ny studieordning kan det bli endringar i arbeidsoppgåvene, men vi vil så langt det er mogleg tilpasse arbeidsoppgåver og ansvarsområde til din kompetanse og interessefelt. Alle tilsette i administrasjonen må, i tillegg til spesifikke funksjonar som ligg til stillinga, ivareta andre administrative oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du har

  • mastergrad. Bachelorgrad saman med lang, relevant administrativ erfaring kan i særskilte høve kompensere for manglande mastergrad. Kandidatar frå alle fagområde blir oppmoda til å søkje, og du treng ikkje ha juridiske emne i graden
  • erfaring frå studieadministrativt arbeid, og anna administrativt arbeid som t.d. saksbehandling og prosjektarbeid er ein føremon. Har du erfaring frå organisasjons- og servicearbeid kan dette også vere relevant
  • generelt god IT-kompetanse 
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Du er

  • ein gjennomførar som evnar å arbeide sjølvstendig
  • lærevillig, analytisk og effektiv 
  • fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvgåande
  • god til å prioritere, og trivst med å halde orden på fleire parallelle prosessar
  • dyktig til å formulere deg både skriftleg og munnleg på norsk (begge målformer) og engelsk

Vi legg særskild vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr

  • Sjølvstendig ansvar og varierte og utfordrande oppgåver 
  • Hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø 
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
  • Stillingskategori som seniorkonsulent 1363
  • Løn kr. 585 000 – 630 000 per år før skatt avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
  • Lån-, pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta i slutten av veke 33, og vi planlegg å starte med intervjuar så raskt som mogleg veka etter. 

Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:

  • Assisterande fakultetsdirektør / leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka ”Søk stillinga”.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.

Velkommen som søkjar! 

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS