LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Direktør ved Michael Sars-senteret - åremålsstilling

Søknadsfrist: 10.08.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Michael Sars Centre – Les meir her. 

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Direktør ved Michael Sars-senteret - åremålsstilling

Ved Michael Sars-senteret er det frå januar 2026 ledig ei åremålsstilling som direktør for fire år, med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing.

Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten til senteret innan forsking, innovasjon og formidling. Direktøren inngår i fakultetet si leiargruppe.

Om senteret:

Michael Sars-senteret er eit internasjonalt forskingssenter som driv grunnforsking ved å nytte avanserte teknologiar for å studere den unike molekylære og cellulære biologien til marine organismar. Senteret består av fleire uavhengige forskingsgrupper som arbeider med ulike marine modellsystem og er organisert som eit sjølvstendig og tverrfagleg forskingssenter innan Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Universitetet i Bergen.

Senteret har som mål å etablere, styrke og utnytte lokale, nasjonale og internasjonale nettverk gjennom spesifikke aktivitetar, inkludert samarbeidande forsking, felles opplæring og vitskapleg utveksling. Som ein partnarinstitusjon av det Europeiske Molekylærbiologilaboratoriet (EMBL) sidan 2003, følgjer Michael Sars-senteret EMBL sin modell. Senteret har eit vitskapleg rådgjevande utval (SAC) som gjev rettleiing i vitskaplege spørsmål, inkludert gruppeevalueringar og forskingsstrategi, og eit rådgjevande styre. 

Michael Sars-senteret har for tida om lag 60 tilsette frå 25 land, deriblant 25 postdoktorar/forskarar og 10 stipendiatar. 

Nærare opplysningar om Michael Sars-senteret finn du på senteret si heimeside.

Om stillinga:

Direktøren si viktigaste oppgåve er å utvikle senteret i tråd med hovudmålet og synleggjere den viktige rolla senteret si forsking har i samfunnet. Som del av dette, er det ei viktig oppgåve for direktøren å stimulere til auka ekstern forskingsfinansiering ved senteret. 

Direktøren har overordna ansvar for den samla verksemda ved senteret, inkludert resultatansvar for forsking, formidling og innovasjon, samt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Direktøren leier senteret innanfor dei rammer og retningsliner som til ein kvar tid er gitt. Direktøren skal leie ei eiga forskingsgruppe innanfor det vitskaplege området til Michael Sars-senteret. Direktøren rapporterer til dekan og inngår i fakultetet si leiargruppe. 

Direktøren sine viktigaste oppgåver er å:

  • leie og utvikle verksemda ved senteret i tråd med strategiane til senteret, fakultetet og Universitetet i Bergen. 
  • bidra til utviklinga av fakultetet med vekt på forsking og formidling.
  • sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom forsking, formidling og innovasjon.
  • representere og posisjonere senteret og bidra til internt og eksternt samarbeid.
  • auke ekstern forskingsfinansiering ved senteret.
  • direktøren er venta å aktivt fremje og forsterke samarbeidet med EMBL.
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø. 
  • sikre at kjønns- og mangfaldsperspektivet er godt vareteke ved tilsetjingar og i senterkulturen.
  • skape arenaer for samarbeid, medverknad og dialog. 
  • sørgje for tenleg infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda. 
  • sørgje for god økonomistyring og at internkontroll fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer ein senterleiar som

  • har interesse og kunnskap om verksemdsleiing og leiarutvikling.
  • har gode leiareigenskapar og dokumenterte resultat frå forskingsleiing 
  • har visjonar for vidareutvikling av senteret og evne til å sette mål strategisk for dei neste 5-10 åra.
  • har evne til å tilpasse seg i både ein sektor og eit samfunn som er i stadig endring.
  • er ein internasjonalt anerkjent forskar normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved senteret. 

I tillegg vert det lagt vekt på 

  • god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom. 
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog. 
  • leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar. 
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit, internt og eksternt. 
  • gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og i engelsk.

Vi tilbyr:

  • løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475 Instituttleiar)
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • kompetent leiarnettverk
  • Gode velferdsordningar

Det vert stilt ressursar til rådvelde for at senterleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Alle spørsmål vert handsama konfidensielt.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om, og resultat frå, aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid vert tillagt vekt ved rekruttering av leiare.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS