LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar / seniorrådgjevar (Fakultet for helse- og sosialvitskap)

Søknadsfrist: 26.01.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast 100% stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Stillinga er ein del av fakultetet sin administrasjon, og rapporterer til administrasjonssjef.

Som rådgjevar i fakultetsadministrasjonen vil du få ei sentral rolle i utviklinga av fakultetet ved å arbeide tett med leiinga i strategiske spørsmål som bidreg til utvikling av fakultetet. Dette inneber sakshandsaming og ansvar for utgreiingsarbeid og prosjektarbeid. For å trivest i denne rolla må du vere sjølvgåande og ansvarsbevisst. Det vert forventa at den som vert tilsett tek ansvar for utvikling av arbeidsområdet og tek initiativ til samarbeid og samhandling for å byggje ein god organisasjonskultur i HVL.

Arbeidsplassen kan vere på ein av campusane; Haugesund, Stord, Førde, Bergen eller Sogndal

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Støtte leiargruppa ved fakultetet i strategiske saker
  • Oppfølging og utarbeiding av rapportar, handlingsplanar og strategiar
  • Analyse-, rapporterings- og utgreiingsarbeid
  • Saksførebuing og sekretariatsfunksjon for råd og utval i fakultet
  • Oppfølging og koordinering av høyringssaker i fakultetet
  • Samarbeid med tilsette i fellesadministrasjonen og administrasjonen på dei ulikecampusane
  • Støtte planlegging og organisering av fellesaktivitetar i fakultetet
  • Andre arbeidsoppgåver kan blir aktuelle i samråd med administrasjonssjef

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på minst bachelornivå, helst masternivå
  • Administrativ erfaring på høgt nivå innanfor stillinga sine arbeidsoppgåver. Anna relevant erfaring kan også vurderast.
  • Du har gode datakunnskapar og evne til å sette deg raskt inn i nye datasystem
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God økonomiforståing
  • For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskoden som seniorrådgjevar vere aktuell. For stillinga som seniorrådgjevar er det krav om relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum fullført mastergrad. Vidare er det ei føresetnad om omfattande relevant fagadministrativ erfaring og spesialkompetanse på særleg høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga. Slik realkompetanse kan kompensere for kravet om fullført mastergrad, med forutsetning at søkjar har bachelorgrad.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå, eller god kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • Det er ynskjelig med erfaring frå analyse-, utgreiings- og rapporteringsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og strategisk
  • Gjennomføringsevne og løysingsorientering
  • Gode evner til kommunikasjon og samhandling
  • Positiv, fleksibel og gode samarbeidsevne
  • Du er nytenkande, nysgjerrig og tør å prøve ut nye tilnærmingar

Nyutdanna er velkomne til å søke på stillinga.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar eller stillingskode 1364 seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Administrasjonssjef, Trude Engebretsen, tlf: 55 58 78 86, e-post: Trude.Engebretsen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS