LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Seniorrådgjevar (leiar- og organisasjonsutvikling / organisasjonspsykolog)

Søknadsfrist: 15.08.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.


Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering har ledig ei 100% fast stilling som seniorrådgjevar innan leiar- og organisasjonsutvikling

Om stillinga:

HVL skal bli universitet og har ein ny ambisiøs verksemdstrategi gjeldande frå 1.1.2023. Til å støtte utviklings- og endringsarbeidet søker vi ein fagleg sterk seniorrådgjevar som kan gå inn i utviklings- og strategiske endringsprosessar, sjå heilskap og hjelpe leiarar og tilsette i omstilling og endring.

Arbeidsstad for stillinga er ein av våre fem campus. Ein må rekne med noko reiseverksemd mellom våre campus.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga vil blant anna vere:

  • Ta del i og utvikle leiarutviklingstiltak og heilskapleg system for leiingsutvikling på institusjonelt nivå
  • Ta del i og leie individ- og gruppeprosessar på fagområdet
  • Vere sentral rådgjevar i utviklings- og endringsprosessar på fagområdet
  • Utvikle HVL som ein lærande organisasjon med deling som sentral verdi

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • Relevant høgare utdanning som psykolog, organisasjonspsykolog eller samfunnsvitar med organisasjonsfagleg master
  • Spesielt relevant arbeidserfaring kan kompensere for dette kravet

Ønska kvalifikasjonar:

  • 5 års relevant erfaring
  • God prosjektkunnskap
  • Erfaring frå leiing av prosessar i større og mindre grupper
  • Erfaring med å drive og leie leiarutviklingstiltak i ein kunnskapsorganisasjon
  • God forståing av digitalisering og bruk av digitale verktøy

Personlege eigenskapar:

  • Analytisk og heilskapsorientert
  • Initiativrik, fleksibel og med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Sjølvstendig, men arbeider godt i team
  • Kan representere med høg integritet i faglege fora
  • God til å formidle og skrive fagleg, tydeleg og poengtert

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar.

Dersom vedlegg overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Den totale mengda av vedlegg kan ikkje vere meir enn 50 MB.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Avdelingsleiar Wiggo Hustad, Wiggo.Hustad@hvl.no / +47 971 98 787

Søk stilling

Powered by Labrador CMS