Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Seniorrådgjevar innan samfunnssikkerheit og beredskap

Søknadsfrist: 01.06.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons-og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem kampusane. Avdelinga skal arbeida tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området.

Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for HR er det ledig ei stilling som seniorrådgjevar innan samfunnssikkerheit og beredskap

Om stillinga:

HVL prioriterer sikkerheit og beredskap høgt, og ønsker å styrke arbeide med å tilsette ein rådgjevar som skal arbeide på verksemdsnivå innan dette fagområdet. Stillinga er lagt til HR avdelinga, men vil ha eit tett samarbeid med fleire einingar.

HVL sin aktivitet er fordelt på fem campus; Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund; og vi vil kunne tilpasse stillinga sin hovudarbeidsplass. Ein må rekne med ein del reising.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene som er lagt til stillinga er hovudsakeleg:

  • Oppfølging og implementering av nasjonale føringar for arbeidet med samfunnsikkerheit og beredskap
  • Utarbeiding og operasjonalisering av strategiar for sikkerheit- og beredskapsarbeidet
  • Pådrivar og tilretteleggjar i organisasjonen innan sikkeheit og beredskap
  • Rådgiving og støtte til HVL sin beredskapsorganisasjon innanfor alle fasar av systematisk sikkerheit- og beredskapsarbeid, inkludert arbeid knytt til øvingar og opplæring av medarbeiderar og ros-analysar
  • Operativ støttefunksjon i strategisk/lokal krisegruppe
  • Kontakt med eksterne nettverk og deltaking i aktuelle fora på feltet.

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning frå universitet/høgskule på masternivå; helst innanfor samfunnsikkerheit og beredskap.
  • Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet. Ved tilsetting på bakgrunn av realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene vert det stilt krav om minimum bachelorgrad.
  • Verktøy- og prosesskunnskap for sentrale metodar innan sikkerheit- og beredskapsfeltet
  • Kjennskap til aktuelle lover og forskrifter knytt til fagområdet er ønskeleg, samt god kjennskap til offentleg forvaltning og sikkerheit- og beredskapsarbeid i offentleg sektor

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Planmessig, strukturert og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bygge nettverk
  • God formidlingsevne og evne til å motivere medarbeiderar
  • God rolleforståing i balansen mellom strategiske og operative oppgåver

Det kan vere aktuelt å tilsette i stilling som rådgjevar dersom ein ikkje tilfredsstiller kompetansekrava fult ut.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som seniorrådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrådgivar. Stillinga som rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Avdeling for HR Wenche Fjørtoft, tlf.: +47 57 67 61 20, e-post: Wenche.Fjortoft@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS