LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Forskingsrådgjevar – forskingsetikk og personvern i forsking

Søknadsfrist: 26.01.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast 100 % stilling som forskingsrådgjevar knytt til arbeid med forskingsetikk og personvern i forsking.

Stillinga er lagt til Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII), i avdelingsleiar si linje. Avdelinga sitt ansvarsområde er rådgjeving, administrasjon og sakshandsaming knytt til HVL sine forskings-, internasjonaliserings- og innovasjonsaktivitetar, og vi skal legge til rette for at høgskulen lukkast i å nå målsettingane i høve til desse områda, følge opp HVL sine strategiar og støtte opp under universitetsambisjonen til HVL.

Forskingsadministrasjonen er ein del av AFII. Våre kompetanseområde omfattar ekstern finansiering av forsking og innovasjon, avtale- og kontraktsinngåing knytt til forsking og innovasjon, IPR, forskarutdanning, forskingsetikk og personvern i forsking og strategisk utviklingsarbeid knytt til forsking og innovasjon.

Vårt ansvar er heile HVL og vi jobbar på tvers av fakultet og campus.

Arbeidsstad for stillinga kan vere eitt av dei fem campus ved HVL; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvarsområde lagt til stillinga er administrasjon, rådgjeving og forvalting knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitetar, med særleg vekt på arbeid med forskingsetikk og personvern i forsking.

  • Oppfølging av system og rutinar knytt til ansvarsområdet, inkludert system og rutinar for forsking som omfattar personopplysingar og helseforskingsdata
  • Følgje opp planar for opplæring i forskingsetikk og personvern i forsking, og drive førebygging og rådgjeving
  • Følgje opp forskingsprosjekt med omsyn til forskingsetikk og personvern
  • Samarbeid med IT og bibliotek – lagring av forskingsdata
  • Samarbeid med HVL sitt personvernombod
  • Samarbeid med personvernrådgivingstenesta (NSD) og Regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk (REK)
  • Førebuing av saker til styre og utval, rapportering, utgreiing- og analyseoppgåver knytt til ansvarsområdet

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning på minst masternivå innan samfunnsvitskap/pedagogikk/rettsvitskap/jus
  • Kunnskap om og interesse for forskingsetikk og personvern i forsking
  • Kunnskap om forskingsmetode
  • Kjennskap til relevante lover og reglar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • God forståing for informasjonssikkerheit
  • Relevant administrativ erfaring

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Systematisk og strukturert, med evne til å kombinere kortsiktige oppgåver med langsiktig planlegging
  • Gode analytiske evner
  • Løysings- og utviklingsorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Utadvendt og trivast i eit travelt miljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som forskingrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 rådgjevar. For særskilt kvalifiserte kandidatar kan det vurderast å tilsetja i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Avdelingsleiar Eirin Fausa Pettersen,tlf. 55 58 75 19 / 951 43 100,e-post: Eirin.Fausa.Pettersen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS