LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat – 5 stillingar ved Institutt for framandspråk

Søknadsfrist: 08.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat – 5 stillingar ved Institutt for framandspråk

Ved Institutt for framandspråk (IF) er det ledig fem stipendiatstillingar med planlagd start 1. august 2022, eller etter avtale. Stillingane er for ein åremålsperiode på fire år.

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudiar og tysk. Dei tilsette underviser og forskar innan disiplinane språk og lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk. Instituttet har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring 25 stipendiatar (inkl. postdoktorar) og ti administrativt tilsette.

Stillingane er opne for søkjarar innanfor disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk i alle dei ni språkfaga ved instituttet. Tverrfaglege prosjekt er òg velkomne.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar blir vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet (Ph.d.-program ved Det humanistiske fakultet).

Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Søkjarar må ha etablert kontakt med ein rettleiar som er fast tilsett ved Institutt for framandspråk, og søknaden må innehalde ei stadfesting frå denne rettleiaren.

Ta kontakt med:

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vert lagt stor vekt på at søkjarane er motiverte og personleg eigna for stillinga.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje. Ein søkjar som tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon, kan bli tilsett i avkorta periode.

Om stipendiatstillingar

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiatane skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjarar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på 490 800,- kroner brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillingane

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkje «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Eit kort samandrag av masteroppgåve/hovudfagsoppgåva (inntil 3 sider)
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Prosjektomtale (inntil 5 sider, bibliografi ikkje medrekna)
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Litteraturliste for prosjektomtalen
  • Stadfesting frå hovudrettleiar ved Institutt for framandspråk

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS