Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis i kulturvitskap
Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i kulturvitskap, med oppstartsdato 01.01.2025 eller så snart som mogleg etter dette.
Kulturvitskap er studiet av kvardagskultur i fortid og notid. Faget står i ein etnologisk og folkloristisk vitskapstradisjon, med særleg vekt på nordiske forhold. Ved AHKR blir det utført kulturvitskapleg forsking, samstundes som instituttet gjev undervising i kulturvitskap for studentar på lågare grad (bachelor), høgare grad (master) og på doktorgradsnivå (ph.d.). Det er for tida 6 faste vitskaplege stillingar i kulturvitskap ved AHKR.
Arbeidsoppgåver:
Til stillinga som førsteamanuensis i kulturvitskap ligg det forsking, rettleiing, undervisning, formidling og administrasjon. Søkjarane må kunne undervise og rettleie på alle nivå i faget.
Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Instituttet legg til grunn at den som vert tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskingsmiljøet. Det er forventa at den som vert tilsett tar ei aktiv rolle innan prosjektutvikling, formidling og søking av eksterne midlar.
Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjarar må ha forskingskompetanse i kulturvitskap, kulturhistorie, etnologi eller folkloristikk, jamfør den ovannemnde profilen, tilsvarande norsk doktorgrad. For denne stillinga er det eit krav om særskilt forskingskompetanse på samlingar og/eller arkiv: innsamling, systematisering og tolking av kulturhistorisk eller kulturvitskapleg materiale. Påviseleg kompetanse i bruk av digitale metodar og/eller metodisk-teoretiske diskusjonar knytt til samlingar og/eller arkiv, vil bli tillagt vekt.
I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar vert sett på som positivt. Dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging og undervising vil og vektleggast.
Til stillinga som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.
Vi tilbyr:
Løn tilsvarande lønssteg 72-75 (kode 1011) i Statens lønsregulativ. Dette utgjer ei årsløn på 720.100-759.100,- før skatt. Vidare lønsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. Frå løna vert det trekt to prosent som obligatorisk innbetaling for medlemskap i Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Attraktive forskingsmoglegheiter, inkludert om lag 46 prosent forskingstid i stillinga.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Svært gode karrieremoglegheiter, inkludert høve til å søkje om opprykk til professor.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA».
Søkjaren må nytte det elektroniske CVskjemaet, og søknaden skal innehalde:
Søknadsbrev.
CV.
Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular.
Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her).
Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd.
Publikasjonsliste (som vedlegg).
Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga.
Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Søkjarar kan finne ei rettleiing for utforming av søknad her.
Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre (3) eksemplar til Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.
Vi gjer oppmerksam på at søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med:
Instituttleiar, professor Teemu Ryymin, per e-post teemu.ryymin@uib.no eller tlf. 55 58 38 79, eller
Fagkoordinator for kulturvitskap, professor Tove Ingebjørg Fjell, per epost tove.fjell@uib.no eller tlf. 55 58 98 85.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje på stillinga. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.
For meir informasjon om tilsettingsprosessen, klikk her.