LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i reservoargeologi

Søknadsfrist: 08.08.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i reservoargeologi

Det er ei ledig stilling som phd.-stipendiat innan reservoargeologi ved Institutt for geovitenskap. Stillinga er på ein åremålsperiode på 3 år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert gjennom Institutt for geovitenskap som ein del av Senteret for berekraftige underjordiske ressursar (CSSR).Den som blir tilsett må kunne starte i stillinga seinast innan 1. desember 2023.

Hovudambisjonen for CSSR er å bidra med den kunnskapen som krevst for den lågkarbonovergangen den norske petroleumsindustrien forventar det neste tiåret. Eit nøkkelpunkt er påverknaden av auka elektrifisering og korleis operasjonar vil bli påverka av variabel tilgang til fornybar energiforsyning og svingande straumprisar. Eit nytt energisystem krev ny kunnskap om fysiske prosessar. Berekraftig bruk av norsk kontinentalsokkel er avgjerande for å oppfylle forplikta mål om å redusere klimagassutslepp i Noreg og vil framme klimanøytrale teknologiar på verdsbasis. CSSR har som mål å etablere betre forståing og utvikle modelleringskapasitetar for komplekse prosessar i undergrunnen, relevant for 1) CO2-lagring, 2) hydrogen og andre lågkarbonenergiberarar og 3) effektiv drenering av reservoar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-stipendiaten vil undersøkje innverknaden av geologisk heterogenitet på fleirfase-veskestraum under intermittente produksjons- og injeksjonsforhold i reservoar i den norske delen av Nordsjøen. Spesielt vil kandidaten (1) skape nye høgopplauslege modellar av viktige klastiske reservoarintervall i den norske delen av Nordsjøen (til dømes Sognefjord-formasjonen, Statfjord-gruppa, Brent-gruppa) basert på data frå 3D-seismiske attributtkart, kjerneprøver, elektriske brønnloggar, eksisterande petrofysiske data og analoge blotningar; 2) simulere væskestraum i desse og eksisterande reservoarmodellar under forhold med både kontinuerleg og intermittende injeksjon og produksjon, 3) evaluere dei viktigaste påverknadar av skalerelatert geologisk heterogenitet på intermittente produksjons- og injeksjonsforhold i klastiske reservoar, og 4) kommunisere resultata som fagfellevurderte artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift.

Kandidaten vil vere tilknytta Institutt for geovitenskap, og jobbe tett saman med ekspertar innan fleirfasestraumdrag og reservoarmodellering ved Institutt for fysikk og teknologi.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute.
  • Erfaring innan klastisk sedimentologi, inkludert feltarbeid, er eit krav.
  • Erfaring innan reservoarkarakterisering er eit krav.
  • Erfaring innan reservoarmodellering er ein fordel.
  • Erfaring med straumdragssimulering og oppskalering er ein fordel.
  • Kunnskap om fleirfasestraumdrag er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

 For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med seniorkonsulent Vivian Stegen Jacobsen (Vivian.Jacobsen@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS