LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar ved Pandemisenteret - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 10.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgivar 

Ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), Pandemisenteret, er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar (100 %) med tilsetjing 01.09.2024.

Pandemisenteret er eit tverrfagleg og sektorovergripande senter ved Universitetet i Bergen som arbeider med innovativ forsking, undervisning og formidling for å forbetre nasjonal og global folkehelseberedskap. Med utgangspunktet i erfaringane frå koronapandemien skal Pandemisenteret vera ein katalysator for vidare læring, slik at vi kan vere budde for nye helsekriser. Sjå meir om oss her: Pandemisenteret | Universitetet i Bergen (uib.no).

Arbeidsoppgåver:

  • Varierte administrative arbeidsoppgaver som spenner mellom rådgjeving på høgt nivå til enklare operative oppgaver.
  •  Dagleg administrasjon av Pandemisenteret etter mandat og visjonar.
  • Følge opp budsjettarbeid, økonomistyring, rapportering og informasjonsflyt.
  • Yte leiarstøtte til fagleg senterleiar.
  • Gi støtte i søknadsprosesser for eksternfinansiering, samt rapportering.
  • Bistå i arbeid med utvikling og iverksetjing av faglege strategiar og prosjektetablering.
  • Legge til rette for tverrfagleg og tverrfakultært samarbeid om pandemi.
  • Drive nettverksarbeid med andre nasjonale og internasjonale prosjekter og organisasjonar i fagfeltet.
  • Organisere konferanser, workshops og andre nasjonale og internasjonale møteplassar.
  • Ha overordna ansvar for visuell profil og kommunikasjonsarbeid ved Pandemisenteret.
  • Som tilsett ved IGS sin administrasjon delta i aktuelle møter og bidra ved behov.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant mastergrad og helst spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring frå administrasjon er eit krav.
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk er eit krav.
  • Digital kompetanse er eit krav.
  • Erfaring frå prosjektarbeid, og kunnskap om ulike finansieringskjelder for forskingsprosjekt er eit krav.
  • Gode eigenskapar knytt til teamarbeid - med fokus på lokalt, nasjonalt og internasjonalt samarbeid er eit krav.
  • Gode evner å løyse og organisere komplekse oppgåver på strukturert måte er eit krav.
  • Erfaring innan økonomi og administrative IKT-system er ei føremon.
  • God kjennskap til relevante forskingsmiljø ved Universitetet i Bergen og relevante samarbeidspartnerar i Norge er ei føremon.
  • Erfaring frå organisering av tverrfagleg/tverrfakultært samarbeid er ei føremon.
  • Gode kommunikasjonsevner på tvers av fagdisiplinar og bakgrunn er eit føremon.

Vi søkjer ein person som:

  • Har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • Er strukturert og målretta.
  • Er initiativrik og har god gjennomføringsevne
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) er for tida 615 700 – 692 400 (lønssteg 63 – 70). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS