LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Jurist (rådgjevar) ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist: 10.08.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her. 

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Jurist (rådgjevar) 

Er du ein samfunnsengasjert jurist med interesse for høgre utdanning og forvaltningsrett?

Bli ein del av vårt tverrfagleg miljø som jobbar for å utdanne framtidas juristar. Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.

Ved Det juridiske fakultet er det ledig eit vikariat i 100 % stilling som jurist (rådgjevar) med oppstart så snart som mogleg og varigheit ut august 2026, med høve til forlenging.

Som ein av to juristar i studieseksjonen vil du vere ein nøkkelperson i saksbehandling av studiesaker, førebu saker til klagenemnda, rettleie studentar og bidra i vidareutvikling av regelverk og rutinar. 

Du blir del av eit engasjert og kompetent team som legg til rette for eit godt studieløp for studentane og bidrar til å ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag. Vi er stolte av studiet fakultetet tilbyr, og masterprogrammet i rettsvitskap har vunne fleire prisar. Som ledd i det kontinuerlege kvalitetsarbeidet implementerte vi ny studieordning i 2021, og prosessen held fram ut vårsemesteret 2026. 

Arbeidsoppgåver

  • Tolking av regelverk, utforming av nye reglar og juridisk kvalitetssikring av enkeltsaker
  • Fatte enkeltvedtak i ei rekke ulike typar studiesaker
  • Rettleie studentar, følgje opp studentar med behov for tilrettelegging og bidra i utviklinga av studentane sitt læringsmiljø
  • Førebu og skrive klagesaker
  • Gjere utgreiingar sjølvstendig og i team
  • Skrive saksframstillingar til utval og styret ved fakultetet
  • Bidra i arbeidet med å utvikle studieordninga for masterprogramma i rettsvitskap
  • Rettleie kollegaer i deira saksbehandling og gi dei juridisk støtte

Vi ønskjer ein person som bidrar positivt i både det faglege og det sosiale fellesskapet. I samarbeid med dyktige kollegaer har du ei viktig rolle i arbeidet med å vidareutvikle utdanningsverksemda og å forbetre og effektivisere interne prosessar og rutinar. Du vil også ha kontakt med juristar og andre som arbeider med studiesaker og tilgrensande rettsområde andre stader ved UiB og nasjonalt.

Alle tilsette i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til kvar stilling, måtte ta del i andre administrative oppgåver. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Master i rettsvitskap 
  • Solid juridisk vurderingsevne og god rettsleg forståing, særleg innanfor forvaltningsrett
  • Relevant erfaring er ein føremon
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk (begge målformer) og engelsk
  • Generelt god IT-kompetanse
  • Ansvarsbevisst, analytisk, effektiv, fleksibel og god gjennomføringsevne
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på parallelle arbeidsprosessar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 

    Vi legg særskild vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga. 

Vi kan tilby

  • Sjølvstendig ansvar og varierte og utfordrande oppgåver
  • Hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
  • Stillingskategori som rådgjevar 1434 
  • Løn kr. 600 000 – 670 000 per år før skatt avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn 

Generell informasjon

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta i starten av veke 33, og vi planlegg å gjennomføre førstegangsintervju i løpet av same veke. 

Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:

  • Assisterande fakultetsdirektør og leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no

Velkommen som søkjar!

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga og vere førebudd på at arbeidsoppgåver kan bli endra over tid.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast digitalt via lenka ”Søk stillinga”. 

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her

Søknadsfrist 10.08.2025

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS