LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar (senter- og prosjektkoordinator) ved Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 06.12.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgjevar (senter- og prosjektkoordinator) ved Klinisk institutt 1

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar (100 %) med tilsetjing som senter- og prosjektkoordinator. Stillinga er knytt til forskingssenteret for klinisk behandling, Neuro-SysMed (50%) og prosjektet EBV-MS (50%) i fem (5) år. Sia EU-prosjektet er integrert som ein del av aktiviteten ved Neuro-SysMed, vil delar av ansvaret og arbeidsoppgåvene være overlappande.

Neuro-SysMed er eit NFR-finansiert forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (senterleiar) og professor Charalampos Tzoulis (vise-senterleiar). Neuro-SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å oppdage og prøve ut effektiv behandling for multippel sklerose (MS), Parkinsons sjukdom (PD), amyotrofisk lateral sklerose (ALS) og fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom (AD). Å rekruttere og behalde arbeidstakarar med høg kompetanse er ein grunnleggande føresetnad for vidare suksess i senteret.

Meir informasjon om Neuro-SysMed her

Arbeidsoppgåver:

For Neuro-SysMed vil kandidaten assistere senterleiga i oppgåver som:

  • Holda kontakt med Norges forskingsråd (NFR), og administrativt følgje opp partnarane i senteret
  • Organisere og koordinere arbeidet med rapportar til NFR, senterstyre og partnarar
  • Organisere og koordinere økonomirapportar i samarbeid med controllar og faglege rapportar saman med senterleiinga og forskingsrådgivar.
  • Organisere og koordinere intern og ekstern kommunikasjon i senteret, samt med samarbeidspartnarar lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Organisere og koordinere vedlikehald av senteret sine nettsider, samt utforming av nyheitsbrev frå senteret saman med kommunikasjonsrådgivar.
  • Organisere og koordinere rekrutteringsprosessar med utlysingar, intervju og mottak av nye tilsette
  • Organisere møter og symposium ved senteret
  • Sekretæransvar for senteret sitt styre

For EBV-MS prosjektet vil kandidaten assistera prosjektleiinga i den administrative og vitskapelege koordineringa av prosjektet i oppgåver som:

  • Organisere og koordinere arbeidet med rapportar til EU-kommisjonen (periodisk og kontinuerleg rapportering)
  • Organisere og koordinere arbeidet med etablering av prosjektnettside for intern og ekstern kommunikasjon
  • Understøtta arbeid med koordinering oppgåver mellom dei ulike arbeidspakka
  • Oppfylging av prosjektaktivitetar, og særleg sjå til at alle deliverables og milepålar vert levert til avtalt tider.
  • Organisering av prosjektmøter og symposium
  • Driva nettverksarbeid med andre nasjonale og internasjonale prosjekter og organisasjonar innan fagfeltet
  • Bidra til at prosjektet oppnår størst mogeleg gjennomslag og betyding nasjonalt og internasjonalt
  • Fylje opp etiske krav og forpliktingar for å publisera i «Open Access» tidsskrift

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant mastergrad og helst spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Gode kommunikasjonsevner i forhold til alle interessentar for prosjektet, på tvers av fagdisiplinar og bakgrunn
  • Særs god munnleg og skriftleg norsk og engelsk er eit krav for stillinga – då ein må kunne formulera lett forståelege tekstar for distribusjon til både ekspertar og lekfolk.
  • Gode eigenskapar knytt til teamarbeid - med fokus på lokalt, nasjonalt og internasjonalt samarbeid – med gode evner for delegering av arbeidsoppgåver og problemløysing.
  • Gode evner å løyse og organisere komplekse oppgåver på strukturert måte
  • Evne til å vise tryggheit for arbeidsoppgåver, samt å kunne prioritere og arbeide strukturert under periodevis knappe tidsrammer

Føljande erfaring og kunnskap er eit særleg fortrinn:

  • Erfaring med koordinering av større forskingsprosjekt
  • Vitskapeleg erfaring og/eller kjennskap til vitskaplege prinsipp
  • Brukarerfaring med web-portalar for Noreg Forskningsråd og/eller EU/Horizon
  • Brukarerfaring og kunnskap om finansieringssystem til Noreg Forskningsråd og/eller EU/Horizon
  • Oppdatering og vedlikehald av nettsider som eksempelvis «WordPress» eller liknande

Reiser i forbindelse med møter og seminar må påreknast som ein del av stillinga.

Vi søkjer ein person som har

  • stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing 
  • gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar 
  • evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. 

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) er for tida 615 700 – 692 400 (lønssteg 63 –70). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS