LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar – Seksjon forskning

Søknadsfrist: 16.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgjevar – Seksjon forskning

Avdelinga for forsking og innovasjonAvdelinga for forsking og innovasjon har viktige forskingsstrategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing. Avdelinga legger mellom anna til rette for universitetet sine satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, innovasjon og internasjonalt samarbeid, berekraft og Nordområda. UiB har store ambisjonar knytt til påverknad og synlegheit i EU, og avdelinga har ansvaret for å følje opp UiB si strategiske satsing i EU. Ei stor del av forskinga ved universitetet er finansiert av midlar henta frå EU og Forskingsrådet, og forskingsprogram knytt til framifrå forsking har ei særskild strategisk betyding for UiB. Den samla eksternfinansierte inntekta til universitetet utgjorde i 2020 over ein milliard. Avdelinga er inndelt i tre seksjonar.

Arbeidsoppgåver:

Avdelinga lyser nå ut ei fast stilling som seniorrådgjevar som skal jobbe med strategisk og policy retta EU-arbeid. Stillinga er knytt til Seksjon forsking, og det som vert tilsett vil være sentral i universitetet sitt arbeid med strategisk tenking og policy utvikling overfor EU, og tverrgåande prosessar nasjonalt og internasjonalt. Stillinga vil få arbeid innan eit bredt spekter av oppgåver knytt til universitetet si deltaking i EUs forskings- og innovasjons- og utdanningssamarbeid. I samarbeid med fagmiljø, vil tilrettelegging og oppfølging av universitetets strategiske EU arbeid inngå i stillinga, herunder arbeidet med den europeiske universitetsalliansen Arqus. Saman med fagmiljø skal stillinga også bidra til å mobilisere inn mot EU sitt rammeprogram, Horizon Europe.

Seniorrådgjevaren vil ha eit tett samarbeid med den faglege og administrative leiinga og fagmiljø ved UiB. Den som vert tilsett vil arbeide i team med svært engasjerte og dyktige kollegaer på tvers av heile avdelinga, og vil også ha utstrakt samarbeid med universitetet sitt kontor i Brussel. Vedkommande vil også kunne bidra i utvikling av området og stillinga. Vi ynskjer deg velkomen til å vere med på dette laget.

Stillinga kan tilleggas andre oppgåver etter behov.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kompetanse på minst masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God kjennskap til og erfaring frå EU-systemet vil bli vektlagd.
  • Solid kunnskap om forskings-, innovasjons- og utdanningspolitikk, herunder EUs programmer.
  • God kjennskap til UH-sektoren, Norges forskingsråd, og andre relevante forskingspolitiske aktørar og forvaltning.
  • Erfaring frå kompleks sakshandsaming og utreiing frå universitet, departement, forskingsråd eller liknande organ.
  • Erfaring med å halde presentasjonar og kurs.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper.
  • Evne til å arbeide målretta både sjølvstendig og i team.
  • Evne til å arbeide strategisk og policy orientert.
  • Evne til å sette i gang, leie og evaluere prosessar og halde oversyn over fleire parallelle arbeidsprosessar både hos seg sjølv og andre.
  • Opptatt av kunnskapsdeling og utvikling.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli lagt vekt på.

Vi kan tilby:

  • Interessante og utfordrande oppgåver innan arbeidsfelt med stor strategisk verdi for UiB
  • Eit attraktivt og sterkt kompetansemiljø med stor fagleg bredde
  • Høge ambisjonar og mål for den internasjonale forskings- og innovasjonsaktiviteten
  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidergruppe med stor fagleg tyngde.
  • Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet i stillinga
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-77 i det statlege lønsregulativet (for tida kr.618 600-744 600 brutto). For særskild kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef og nestleiar Birgit Falch, 95171180, eller
  • Direktør Forskings- og innovasjonsavdelinga Benedicte Løseth, 91603900, 91603900

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS