LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar – forskingsinfrastruktur

Søknadsfrist: 11.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgjevar – forskingsinfrastruktur

Forskings- og innovasjonsavdelinga har viktige forskingsstrategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing. Avdelinga legg blant anna til rette for universitetet sine satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, innovasjon, internasjonalt samarbeid og berekraft. Ei stor del av forskinga ved universitetet er finansiert av midlar henta frå EU og Forskingsrådet, og forskingsprogram knytt til framifrå forsking har ei særskild strategisk betyding for UiB. Den samla eksternfinansierte inntekta til universitetet utgjer i 2020 over ein milliard. Avdelinga har tre seksjonar og til saman 33 tilsette.

Avdelinga lyser nå ut eit fast stilling som seniorrådgjevar som skal jobbe med rådgjeving og prosjektstøtte knytt til «Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur» og EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Stillinga er knytt til Seksjon innovasjon og vil følgje opp søknadar og prosessar knytt til infrastrukturprogramma i Norges Forskningsråd og EUs rammeprogram Horisont Europa. UiB har store forskingsmiljø som er avhengig av tilgang til avanserte teknologi og relevante samarbeidsnettverk og infrastrukturprogramma er ein viktig finansieringskjelde for fagmiljøa ved universitetet.

Forskings- og innovasjonsavdelinga skal følgje opp deler av universitetets politikk for open vitskap. I samarbeid med seksjonen skal seniorrådgjevaren også følgje opp avdelinga sitt arbeid med open vitskap. Seksjonen vil også følgje opp universitetets overordna samarbeid med NORCE og seniorrådgivaren vil bidra i arbeidet med å følgje opp den institusjonelle samhandlinga med forskingsselskapet.

Seniorrådgjevaren må følgje utviklinga på saksfelta knytt til forskingsinfrastruktur og open vitskap både nasjonalt og internasjonalt og vil arbeide i eit team med svært engasjerte og dyktige kollegaer på tvers av hele avdelinga. Den som vert tilsett vil sjølv kunne bidra i utvikling av området og stillinga. Vi ynskjer deg velkomen til å vere med på dette laget.

Arbeidsoppgåver:

  • Samarbeide med UiBs fakultet, leiing og avdelinga om å auke gjennomslag i nasjonale og internasjonale forskingsprogram knytt til framifrå forsking, med vekt på utlysingar innan forskingsinfrastruktur.
  • Gje råd og støtte til forskarar som skal søkje om eksternfinansiering knytt til forskingsinfrastruktur, og koordinere søknadsprosessar saman med desse.
  • Bidra til å utvikle gode rutinar for UiB si oppfølging av infrastruktur og søknadsarbeidet
  • Ivareta sekretærfunksjon for relevante utval
  • Vere en pådrivar for utvikling av nye prosjekter og aktivitetar i samarbeid med leiinga, forskarar og fagmiljø ved UIB
  • Gje råd og bidra i avdelinga sitt arbeid med open vitskap
  • Bidra i UiB sitt arbeid med forskingselskapet NORCE og arbeid med å auke gjennomslag i nasjonale og internasjonale forskingsprogram knytt til innovasjonsaktiviteter
  • Delta i utvikling og gjennomføring av kurs for forskarar
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle ved behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kompetanse på minst masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå forskings- og innovasjonsfeltet, eksternfinansiering og prosjektoppfølging
  • Solid kunnskap om EU og Forskingsrådet sine forskingsprogram, med vekt på infrastrukturprogramma
  • Solid utgreiings- og saksbehandlarerfaring
  • God kjennskap til det norske universitets- og forskingssystemet
  • Erfaring med å halde presentasjonar og kurs er ein føremon
  • Erfaring frå prosjekt- og prosessutvikling er ein føremon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • Systematisk, analytisk og evne til sjølvstendig oppfølging og gjennomføring av arbeidsoppgåver
  • Initiativrik, fleksibel og serviceinnstilt
  • Opptatt av kunnskapsdeling og utvikling
  • Evne til å sette i gang, leie og evaluere prosessar og halde oversyn over fleire parallelle arbeidsprosessar både hos seg sjølv og andre
  • Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt vekt på

Vi kan tilby:

  • Ei avdeling i spanande utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor fagleg tyngde
  • Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-77 i det statlege lønsregulativet (For tida kr. 618 600 - 744 600 brutto). For særskild kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar,

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fungerande seksjonssjef, seksjon Innovasjon, Magnus Holtermann, 55 58 49 89 eller
  • Direktør Forsking- og innovasjonsavdelinga Benedicte Løseth, 916 03 900

Ved behov kan andre oppgåver leggjast til stillinga

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS