Universitetet i Agder har over 1500 ansatte og nesten 14 000 studenter. Det gjør oss til en av Sørlandets største arbeidsplasser. Våre ansatte forsker, underviser og formidler kunnskap fra alle sine fagområder.
Universitetet holder til på to moderne campuser i Kristiansand og Grimstad.
Om stillingen
Ved Universitetet i Agder, Fakultet for samfunnsvitskap, er det ledig ei 100 % fast stilling som førsteamanuensis og leiar for Senter for likestilling. Arbeidsstad er Campus Kristiansand. Tiltreding etter avtale med fakultetet.
Fakultet for samfunnsvitskap har ca. 130 fast tilsette og er organisert med ein administrasjon med 38 tilsette og fire institutt med ca. 90 vitskapleg tilsette.Senter for likestilling er eitt av fire likestillingssenter i Noreg og det einaste likestillingssenteret som er plassert ved eit universitet. Senteret, som i dag består av sju engasjerte og dyktige tilsette, har ei sentral rolle i arbeidet for likestilling og mangfald i Agder og nasjonalt, og samarbeider tett med offentlege, private og frivillige aktørar. Senteret har ansvar for forsking, formidling og oppdragsverksemd, og er ein synleg aktør i samfunnsdebatten. For tida har Senter for likestilling ansvar for studieprogramleiing og undervising i programmet Kjønn, makt og mangfald (30 stp.). Les meir om Senter for likestilling her.
Arbeidsoppgaver
strategisk og fagleg leiing av senteret
koordinering av forskings-, formidlings- og utviklingsprosjekt
personaloppfølging
byggje og vidareutvikle samarbeid internt og eksternt
initiere og leie søknadsprosessar for ekstern finansiering
vere ein synleg og aktiv deltakar i samfunnsdebatten om likestilling og mangfald
Nødvendige kvalifikasjoner
doktorgrad innan relevant fagområde
dokumentert forskings- og formidlingserfaring innan likestilling, mangfald eller tilgrensande felt
erfaring med leiing
norskferdigheiter på nivå B2 ved tilsetjingstidspunktet (svensk eller dansk er likestilt med norsk)
evne til å kommunisere på engelsk
UiAs kvalifikasjonskrav for ansettelse i stilling førsteamanuensis.
Ønskede kvalifikasjoner
erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
erfaring med undervisning og studieprogramleiing
erfaring med søknadsprosessar for ekstern finansiering
erfaring frå arbeid med mangfald og integrering
nettverksbygging og samarbeid på tvers av fag og sektorar
erfaring med personalforvaltning
erfaring fra faglege og/eller administrative leiarstillingar.
Personlige egenskaper
inkluderande, lyttande og motiverande
strategisk og målretta
initiativrik og utviklingsorientert
gode samarbeidsevner og relasjonsbyggjar
strukturert og med god gjennomføringsevne
fokus på utvikling av arbeidsmiljø og trivsel
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
varierte arbeidsoppgåver i ei stor og samfunnsengasjert organisasjon
ei meiningsfull rolle i arbeidet for likestilling og mangfald
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, lønsplan 17.510, kode 1011 førsteamanuensis, kr 830 000 – 875 000 brutto per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna blir det trekt lovpålagt innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Universitetet i Agder er eit ope og inkluderande universitet. Vi har tru på at mangfald gjer oss betre. Vi oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, alder, kulturell bakgrunn, nedsett funksjonsevne eller «hol i CV-en».
Menn blir særleg oppmoda til å søkje på stillinga.
Den som blir tilsett har rettar og plikter etter dei reglane som til ei kvar tid gjeld for stillinga, og må rekne med endringar i organisering og oppgåver.. Tilsetjing vert gjort av tilsetjingsutvalet for undervisnings- og forskingsstillingar ved Universitetet i Agder.Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Det vil også bli innhenta referansar etter nærare avtale med søkjaren. Den endelege innstillinga vil vere ei heilskapsvurdering basert på sakkunnig vurdering, prøveførelesing, intervju og referansar.
Meir om tilsetjingsprosessen.I samsvar med offentleglova § 25, 2. ledd kan søkjar be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkarlista. Universitetet kan likevel avgjere at namnet skal offentleggjerast. Søkjar vil bli varsla før eventuell offentleggjering.
Søknad
Søknaden og nødvendige opplysningar om utdanning og erfaring skal sendast elektronisk via vårt søknadssystem. Bruk lenka «Søk stillinga».Følgjande dokumentasjon må lastast opp:
CV
Attestar og vitnemål
Publikasjonsliste
Vitskaplege arbeid (inntil 10)
All dokumentasjon må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk.Søkaren har sjølv ansvar for å levere fullstendig dokumentasjon digitalt innan søknadsfristen. All dokumentasjon må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk.