Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorrådgivar
Ved Det medisinske fakultet, studieseksjonen, er det ledig ei fast stilling (100 %) som seniorrådgjevar med tilsetjing så snart som mogleg. Stillinga vil ha ansvar for plan- og utgreiingsarbeid i samband med utbygging og vidareutvikling av helseprofesjonsutdanningane ved fakultetet, mellom anna knytt til den nye studieordninga for medisinstudiet, Vestlandslegen.
Arbeidsoppgåver:
planlegging, utgreiing og analysearbeid i pågåande utdanningsprosjekt
ansvar for høyringar innan saksfeltet
støtte til oppfølging av nasjonale, regionale og lokale samarbeid, inkludert helsetenestene
studiekvalitetsarbeid, særleg knytt til bruk av digitale støttesystem for utdanning
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjaren må ha relevant mastergrad og høg kompetanse innan studieadministrasjon og arbeid med studiekvalitet, inkludert arbeid med digitale støttesystem for utdanning. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Omfattande relevant praksis frå plan- og utgreiingsarbeid er eit krav.
Det vil òg vere eit føremon med røynsle frå arbeid knytt opp mot eksterne aktørar, til dømes andre medisinske fakultet eller helsetenester.
Det er eit krav om gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk (bokmål/nynorsk) og engelsk.
Høg digital kompetanse er òg eit krav.
Vi søkjer ein person som
kan arbeide sjølvstendig, men som òg er god til å bygge og ivareta kommunikasjons- og samarbeidsrelasjonar
er strukturert og effektiv og har gode evner til problemløysing
kan ta ansvar og leiing
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 58-64 (for tida kr 516 400 – 575
600). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Leiar for studieseksjonen, Ørjan Leren, telefon 55 58 64 85
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.