Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Prosjektleiar for web og design
100 % fast stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) / rådgjevar (kode 1434) Kommunikasjonsavdelinga søkjer ein dyktig prosjektleiar i fast 100 % stilling. UiB står overfor store omleggingar dei kommande åra når det gjeld www.uib.no som kommunikasjonskanal, og skal vidareutvikle og etablere nye digitale kanalar for ekstern og intern kommunikasjon. Vi ser etter ein erfaren og allsidig prosjektleiar til å stå sentralt i dette arbeidet. Den vi søkjer må ha solid kjennskap til interaksjonsdesign, grafisk og digitalt utviklingsarbeid, ha kompetanse på tekniske løysingar og kunne leie komplekse utviklingsprosessar av UiB sine digitale publiseringsløysningar. Stillinga er lagt til Seksjon for web og design på Kommunikasjonsavdelinga, som blant anna skal legge til rette for ei stabil drift og framtidsretta utvikling av grunnleggande tenester knytt til produksjon, utvikling og design av både digitale og trykte flater. Stillinga er ei fast 100 % stilling som seniorrådgjevar/rådgjevar i den sentrale kommunikasjonsavdelinga til UiB, eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid.
Arbeidsoppgåver:
Prosjektleiar skal ha ei operativ, leiande rolle i utvikling av grunnleggande tenester knytt til produksjon, utvikling og design av både digitale og trykte flater.
Planlegge, kvalitetssikre og leie utviklingsprosjekt i samråd og dialog med leiinga på avdelinga
Bidra til leveransar og kompetanse innan interaksjonsdesign, grafisk og digitalt utviklingsarbeid
Ha dialog med ulike utviklingsmiljø og IT-avdelinga i konkrete prosjekt
Vere rådgjevar for avdelingsleiinga i fagområdet interaksjonsdesign, grafisk og digitalt utviklingsarbeid
Handtere andre oppgåver ved behov, til dømes profilutvikling for UiB og forvaltning av Kommunikasjonsavdelinga sitt systemansvar for UiBs nettsider
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på mastergradnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Solid erfaring med leiing av krevjande prosjekt
Dokumenterbare resultat frå tilsvarande krevjande arbeidsoppgåver
Takle høgt tempo og ha evne til oversikt
Gode samarbeidsevner
Erfaring og kunnskap om grafiske produksjonar, interaksjonsdesign, brukaroppleving og webteknologi
Gode språkkunnskapar og evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
Eit kjekt, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø i trivelege lokalar i Bergen sentrum
Medlemskap i Statens pensjonskasse og stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IAverksemd)
Fleksibel arbeidstid
Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 69-73 (for tida kr 627 700 - 679 000 ) / rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 65 - 68 (for tida kr 583 900 – 615 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.