LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER
Studiekoordinator - Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
Søknadsfrist: 08.12.2022

Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig stilling som studiekoordinator for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, fakultetsadministrasjonen frå 1.2.2023.
Studiekoordinator vil vera tilknytta Institutt for kultur- og språkvitskap.
Hovudarbeidsområde er studiekoordinering, dvs koordinering av studier for PPU slik at dei står fram som integrerte og heilskaplege. Ulike oppgåver vil vere utreding, samansying og revisjon av emne og fag. Studiekoordinator er forventa å halde kontakt med alle som er involverte i gjennomføringa av utdanninga og skal rådgje instituttleiar/administrasjon i ulike saker som har med PPU å gjere.
Andre oppgåver
- organisere, koordinere og leggje til rette for skikkavurdering, samt halde laupande kontakt med alle som er involverte i gjennomføringa av utdanninga
- registrering av studentdata
- rettleie studentar i generelle studieadministrative spørsmål
- sakshandsaming, plan- og informasjonsarbeid
- organisere og drive marknadsføring for PPU
- internasjonalisering i PPU
- forskjellig utgreiings- og rapporteringsarbeid ved instituttet
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant utdanning på mastergradnivå innan undervisningsfag i skulen eller andre støttefag, fortrinnsvis med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- relevant erfaring. Undervisningserfaring frå ungdomsskule og/eller videregåande skule, og røynsle frå studentrettleiing, administrasjons- og planarbeid er ein fordel.
- erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
- er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er sjølvstendig, effektiv og strukturert
- er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
- løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.205, kode 1434, kr 516.000 - 615.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider
Mangfald
Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.
Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodnar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar blir vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.
Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader.
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
- Kontorsjef Ingun Leidland, tlf: 51832305, e-post: [email protected]
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Heidi Pedersen, tlf: 51831783, e-post: [email protected].
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.