LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Innkjøpsrådgjevar - Økonomiavdelinga

Søknadsfrist: 18.01.2022

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.000 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet.

Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som innkjøpsrådgjevar ved Økonomiavdelinga, Seksjon for innkjøp.

Den som vert tilsett skal gjennomføre anbodskonkurransar og inngå rammeavtalar på universitetsnivå, kjøpe inn og bestille på institusjonelt - og fageiningsnivå. Innkjøpsrådgjevar skal og ivareta systemansvar for innføring, implementering og bruk av verktøy for gjennomføring av innkjøpsprosessar og sørge for at universitetet sine innkjøp vert gjennomførte i tråd med regelverk for offentlege innkjøp.

Hovudoppgåver

  • fasilitere og gjennomføra anbodsprosessar i samarbeid med fageiningar
  • koordinere og gjennomføra større innkjøp på institusjonelt og fageiningsnivå
  • utarbeide konkurransegrunnlag/-dokument
  • gi råd og rettleiing overfor fageiningane i gjennomføring av mindre utstyrsinnkjøp og andre formar for innkjøp
  • utarbeide og oppdatera interne rutinar og retningslinjer innanfor innkjøp
  • arbeide for digitalisering av anbodsprosessen og vera superbruker på system knytt til anbodsprosessen
  • gjennomføre intern kontroll innanfor innkjøpsområdet og legga til rette for dette
  • ferdigstille kontraktar og dessutan ta vare på interne krav til dokumentasjon, eks innkjøpsprotokoll og arkivering av konkurransedokumentasjon
  • nytta og halda ved like elektronisk system for avtaleadministrasjon på universitetsnivå

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning på fortrinnsvis masternivå innanfor anskaffingar, økonomi, juss eller tilsvarande. Bred erfaring kan kompensere for formell utdanning.
  • relevant erfaring
  • god og brei erfaring frå gjennomføring av anbodsprosessar, fortrinnsvis innanfor offentleg verksemd
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Du bør ha:

  • erfaring med bruk av elektroniske verktøy i anskaffingsprosessar og generelt gode IKT kunnskapar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • arbeider målretta og nøyaktig, er sjølvstendig, effektiv og initiativrik
  • har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt sosialt arbeidsmiljø
  • er utåtvent, service- og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • rådgjevar lønnast etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 563.900 - 650.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn og/eller innplassering som seniorrådgjevar bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Innkjøpssjef Katrine Thorsen, tlf: 51 83 30 25, e-post: katrine.thorsen@uis.no eller til
  • Økonomidirektør Eli Løvaas Kolstø, tlf: 51 83 30 42, e-post: eli.l.kolsto@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar, tlf: 51 83 13 61, e-post: annette.f.lothe@uis.no.

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS