LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Samlingsforvaltar av naturvitskaplege samlingar

Søknadsfrist: 03.06.2025

UiS hovedlogo positiv RGB

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Arkeologisk museum er eit tverrfagleg museum med oppgåver innanfor forsking, formidling, fornminnevern, konservering samt dokumentasjon og samling. Muséet har eit vitskapleg personale med forskarar innanfor arkeologi, konservering, ulike naturfag og nyare tids kulturhistorie. 

Det museumsfaglege personalet dekkjer fleire felt innanfor konservering, laboratorium, fototenester, arkiv og vitskaplege samlingar, forvaltningsoppgåver gjeve i Lov om kulturminne, utstillingsproduksjon, grafisk formgiving, skuleteneste, publikumstilbod og utleigeverksemd. Muséet driv eit forlag med to seriar som er poenggivande i CRIStin. 

Muséet har i dag omlag 80 fast tilsette fordelt på fire fagavdelingar og ein administrasjon.

Om stillinga

Rogaland er kjend for å vere eit rikt arkeologisk fylke, og som samlingsforvaltar med hovudfokus på dei naturvitskaplege samlingane ved Arkeologisk museum, vil du få høvet til å oppleva dette i arbeidskvardagen. 

Avdeling for samlingar har forvaltningsansvaret for omfattande arkeologiske og naturvitskaplege samlingar, og tilhøyrande dokumentasjon. Dei naturvitskaplege samlingane er samansett av fleire typar prøvemateriale, til dømes tre- og plantemateriale, beinmateriale, steinmateriale, jordsmonn- og sedimentprøvar. I stillinga vil du få ei særs viktig rolle i å byggje opp, ivareta og forvalte ei unik naturvitskapleg samling og med dette støtte opp under eit viktig og spanande samfunnsoppdrag. 

For å kunne formidle forhistoria på ein engasjerande og dagsaktuell måte er muséet er kjend for sin integrerte bruk av naturvitskaplege tilnærmingar til menneske og miljø i både forsking og forvaltning. Muséet har eit vitskapleg personale med forskarar innanfor arkeologi, konservering og ulike naturfag. Alle funksjonane i muséet er samlokalisert i eit eige museumsbygg, med kort veg mellom ulike fagmiljø og kompetansar, noko som passar deg som ønsker ei stilling som inneber tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, og særleg opp mot arkeologiske forvaltningsprosjekt.

Våre samlingsforvaltarar har ei genuin interesse for arkeologi, natur- og kulturhistorie; og vi ser nå etter deg som er spesielt motivert av det naturvitskaplege prøvematerialets analytiske eigenart og rolle, til vidare samarbeid om fellesmuseale og generelle samlingsoppgåver, og ikkje minst: bidra til tolkingar og formidling av forhistoria vår.

Hovudoppgåver

  • fysisk handtering, organisering, mottak og plassering av naturvitskapleg materiale og objekt i magasin
  • implementering og bruk av digital samlingsdatabase for naturvitskapleg materiale
  • fagleg ansvar for muséets samlingsplan og samlingspolicy for bevaring og bruk av naturvitskapleg materiale
  • fysisk magasinforvaltning med vekt på effektiv logistikk, lagringsinfrastruktur, rydding og vedlikehald, museal arbeidsflyt og samlingsbevaring/revisjon
  • sikring og beredskapsarbeid
  • utvikling av tverrfagleg og effektiviserande fellesmuseal samlingspraksis.
  • tilgjengeleggjering av dei naturvitskaplege samlingane
  • fagleg rådgjeving, til dømes som fast medlem av analyse- og utlånsutvalet ved museet med særleg ansvar knytt til dei naturvitskaplege samlingane
  • svare på førespurnadar frå publikum og fagfolk

Kvalifikasjonar

Vi søker etter samlingsforvaltar som har:

  • relevant høgare utdanning på minimum mastergradsnivå, anten innanfor arkeologi med naturvitskapleg spesialisering eller innanfor ein relevant naturvitskapleg disiplin med erfaring frå arkeologisk forsking- eller forvaltningsarbeid. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • spissa naturvitskapleg kunnskap om minst ein av materialtypane som finst i dei naturvitskaplege samlingane. Regional kjennskap er ein fordel.
  • god kjennskap til det naturvitskaplege kjeldetilfanget som nyttast i norsk arkeologisk forvaltning, og kunnskap om deira potensial i kunnskapsproduksjon, samt relevant erfaring med fysisk handtering, organisering og vurdering av naturvitskapleg prøvemateriale 
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy, dvs. erfaring med samlingsdatabasar, samt teknisk forståing av digitale databasar for registrering, katalogisering og sporing.
  • sertifikat klasse B
  • gode munnlege og skriftlege framstillingsevne på norsk og engelsk. 

Det er også fint om du: 

  • har relevant erfaring frå samlingsforvaltning, herunder kjennskap til samlingsforvaltningsstandarder som til dømes Spectrum og Benchmark 2.0.
  • har gode kommunikasjonsevne både i samarbeid med kollegaer, forskarar, publikum og andre eksterne. I dette ligg også at ein må kunne formidle korleis samlinga er bygd opp, kva typar materiale den inneheld, og korleis ein held orden i samlinga på ein forståeleg og engasjerande måte.
  • er nøyaktig og strukturert, ettersom samlingsforvaltning av naturvitskapleg materiale krev presisjon i registrering, handtering, dokumentasjon og organisering.
  • har analytiske evne som gjer deg i stand til å vurdera prøvematerialet sitt vitskaplege potensial, og for å kunne identifisere eventuelle problem og passande tiltak for å ivareta samlinga.
  • evne til å arbeide ansvarleg og sjølvstendig, til dømes gjennom god styring av eiga arbeidstid og å fatta fagleg forankra avgjersler på eigehand og saman med kollegaer. 
  • har evne til tolmod og uthald til å handtere tidkrevjande og rutinemessige oppgåver som til dømes å registrere store mengder prøvemateriale eller evaluera detaljar over lang tid.

Politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. 

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • dyktige kolleger med eit sterkt faglig fellesskap og moglegheit for tverrfaglig arbeid
  • eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn som rådgivar etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 600.000 - 750.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. Omfattande relevant erfaring og spesialkompetanse innanfor hovudoppgåvene i stillinga, kan gi tilsetjing som seniorrådgivar i kode 1364.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.

På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar. 

Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.

Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.

Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Janne V. Endresen, tlf: 51831216, e-post: janne.v.endresen@uis.no 

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. 

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Spørsmål om stillinga

  • Magnus Mathisen Haaland (Avdelingsleder, Avdeling for samlinger), +4751831727, magnus.m.haaland@uis.no
  • Janne V. Endresen (HR-rådgiver), +4751831216, janne.v.endresen@uis.no
Powered by Labrador CMS