Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira digital- og informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremjar open vitskap. Les meir om UB her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig eit vikariat i 100% stilling som spesialbibliotekar (kode 1515). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for tilvekst og system, faggruppe for system. Stillinga er ledig frå 26.05.2025-31.12.2025, tiltreding etter nærare avtale.
UB er eit offentleg forskingsbibliotek. Våre samlingar spenner frå nye publikasjonar i digitale tidsskrift og faglitterære boksamlingar til eit rikhaldig spesialsamlingsmateriale. Seksjon for tilvekst og system er ein viktig del av arbeidet med å sikre universitetet sine forskarar og studentar effektiv tilgang til materiale av høg kvalitet.
Seksjonen har hovudansvar for drift og tilpassing av biblioteksystem, og det heilskaplege samlingsarbeidet knytt til katalog og metadataregistrering gjennom biblioteket si katalogteneste, Medieverkstedet. Som medarbeidar i seksjonen vil du være del av ulike faglege team, i eit inkluderande, aktivt og spanande arbeidsfellesskap.
Arbeidsoppgåver:
Deltaking i det heilskaplege samlingsarbeidet knytt til katalogisering og metadataregistrering
Særleg ansvar for det daglege katalogiseringsarbeidet (av både fysisk og digitalt materiale) ved seksjonen
Deltaking i arbeidet med drift og tilpassing av biblioteksystem
Deltaking i løpande driftsoppgåver tilknytt seksjonens arbeid
Deltaking i verksemda elles, til dømes publikumstenester
Brukaropplæring og brukarrettleiing
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha minst bachelorgrad eller tilsvarande innanfor bibliotek- og informasjonsstudiar eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke.
Manglande formell utdanning kan i nokre tilfelle kompenserast med relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning
Gode kunnskapar innan katalog- og metadataproduksjon er naudsynt.
Kjennskap til biblioteksystema Universitetsbiblioteket bruker (for tiden Alma, Oria og Leganto) er ein fordel
Erfaring frå arbeid i UH-bibliotek er ein fordel
Gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk
Vi søker deg som
Ønskjer å bidra til digitale, effektive arbeidsprosessar
Er kreativ og sjølvstendig
Har brukaren i fokus
Tar initiativ
Kan arbeide målretta og effektivt
Er serviceorientert og fleksibel
Har gode samarbeids- og formidlingsevner
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Mogelegheit til å søke om avtale om heimearbeid
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
Løn som spesialbibliotekar (kode 1515) kr. 565 900 til kr. 590 000 i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:
Seksjonsleiar Paul Simon Svanberg, tlf: 55 58 25 07 (kontor), 47 75 37 90 (mobil), epost: paul.simon.svanberg@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.