Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.s
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Direktør ved Universitetsmuseet
Universitetsmuseet ved Universitetet i Bergen har omfattande vitskaplege samlingar innan arkeologi, antropologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Museet sine hovudoppgåver omfattar forsking, formidling og samlingsforvaltning. Museet er lokalisert i sentrum av Bergen og har i tillegg to botaniske hagar på Milde. Universitetsmuseet har om lag 153 årsverk og eit totalbudsjett for 2025 på om lag 245 millionar kroner.
Ei rekkje aktivitetar ved museet er vesentleg endra dei siste åra gjennom satsing på nye formidlingsarenaer, gjennom formidlingsformer med auka samarbeid, og bruk av museet sine areal til å fomidle forsking på alle fagområda ved universitetet. Innan samlingsforvaltning har ein dei seinare åra arbeidd med sikring av samlingane, styrking av konserveringsarbeidet og auka digitalisering for eit breiare publikum. Gjennom forsking, samlingar og brei fagleg ekspertise har Universitetsmuseet som mål å vere eit leiande europeisk universitetsmuseum.
Direktøren rapporterer til rektor i sitt arbeid og deltek i universitetet si dekangruppe.
Arbeidsoppgåver:
Direktøren skal:
Arbeide innanfor rammer gitt av universitetsstyret, styret ved museet og vedtekter, og rapportere til rektor og universitetsdirektør
Leie og utvikle den museumsfaglege verksemda med vekt på kvalitet i forsking, formidling og forvalting
Støtte og motivere forskingsmiljøa i arbeidet med søknader om ekstern finansiering
Arbeide målretta for å leggje til rette for rehabilitering og gjenopning av dei kulturhistoriske samlingane, i nært samarbeid med universitetsleiinga
Støtte og leie arbeidet med forvalting og sikring av samlingar og botaniske anlegg, slik at dei oppfyller alle krav til moderne museal standard
Styrke og leie arbeidet med digitalisering av samlingane for forsking, offentleg forvaltning og formidling, samt digital formidling av kunnskap til eit breitt publikum
Vidareutvikle forskingskommunikasjon og forskingsformidling som møteplass for UiBs forsking og samfunnet omkring
Vidare skal direktøren:
Representere og profilere museet overfor samfunn og publikum
Vidareutvikle ein framtidsretta organisasjons- og leiarstruktur
Skape ein positiv og involverande organisasjonskultur, og stimulere til eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Ivareta budsjett-, resultat- og personalansvar, samt ansvar for tryggleik og beredskap
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer ein person som har:
Vitskapleg professorkompetanse innanfor eit fagområde med relevans for museet
Visjonar for museet si vidare utvikling
Erfaring som leiar av fagleg verksemd og solid administrativ kompetanse
Gode kommunikasjonsevner og ein motiverande og inkluderande leiarstil, med utgangspunkt i samarbeid, medverknad og dialog
Evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Museumsdirektøren vert tilsett i åremål i fire år og kan ha inntil to åremålsperiodar.
Stillinga er plassert i kode 1474 – dekan. Løn vert fastsett etter avtale
Om den som vert tilsett er ein ekstern søkjar, vil vedkomande bli vurdert for tilsetjing som professor i fagområdet sitt etter at åremålsperioden som direktør ved Universitetsmuseet er ute.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målretta for auka likestilling og legg vekt på kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og resultat frå aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid blir tillagt vekt ved rekruttering av leiarar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.