Vitskaplege assistentar - Institutt for politikk og forvaltning
Søknadsfrist: 15.06.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitskapleg assistent
Ved Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen, er det ledig tre 100%-stillingar som vitskapleg assistent. To toårige som har arbeidsoppgåver opp mot den NFR-finansierte nasjonale forskingsinfrastrukturen Koordinerte onlinepaneler for forsking på demokrati og styresett (KODEM), og ei eittårig meir direkte knytt til ulike forskingsprosjekt på instituttet som arbeidar med surveyforsking.
Vi søkjer kandidatar med utdanningsbakgrunn frå samfunnsfag, inkludert samfunnspsykologi, som har erfaring med og interesse for å arbeide med surveydata og surveydesign. Den tilsette vil bli med i eit framgangsrikt fagmiljø ved Institutt for politikk og forvaltning ved UiB. Som del av ei gruppe med både vitskaplege og teknisk-administrativt tilsette vil dei vitskaplege assistentane samarbeide med leiande samfunnsvitskaplege miljø ved ti konsortieinstitusjonar (UiB, UiO, NTNU, UiT, UiA, UiS, NORCE, ISF, og Sikt) og få bidra til nyskapande samfunnsvitskapeleg og tverrfagleg forsking av høg kvalitet.
KODEM er ein nasjonal forskingsinfrastruktur under etablering med mål om å bli eit nasjonalt og internasjonalt flaggskip for surveyforsking i den digitale tidsalderen. I løpet av dei komande fem åra skal det byggast onlinepanel som skal vere representative for fire sentrale grupper i demokratiske styresett: Innbyggjarar frå 18 år og oppover, folkevalde på alle nivå, offentleg forvaltning på alle nivå, og tilsette i offentlege og private mediebedrifter. KODEM vil som første forskingsinfrastruktur av sitt slag gjere mogleg koordinert datainnsamling i dei fire gruppene.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling og vitskapelege assistentar knytt til KODEM vert oppmoda til å utvikle eigne doktorgradsprosjekt. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år. Dei tilsette blir tilsett ved Institutt for politikk og forvalting og er venta å ha arbeidsstaden sin i Bergen.
Arbeidsoppgåver:
Sentrale arbeidsoppgåver inkluderer:
Surveydesign.
Brukartesting av surveyundersøkingar i dei ulike målgruppene.
Analyse og formidling av data og resultat.
Bidra til planlegging, førebuing og gjennomføring av arrangement.
Arbeid med nettsider.
Hjelp til formidling av forskingsresultat i ulike kanalar
Førebuing til og rapportering frå møte i vitskaplege komitéar (Internal Review Boards).
Utforsking av og rapportering om datakvalitet.
Panelpleie, dvs. å bidra til at respondentane i undersøkingane har lyst til å delta.
Rekruttering av nye respondentar.
Kommunikasjon med forskarar i heile Noreg og internasjonalt.
Å sikre og følgje opp datatilgang for forskarar.
Oppgåvene kan tilpassast noko til søkjaren og dei ulike forskingsprosjekta.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha relevant utdanning innan samfunnsfag, samfunnspsykologi eller tilsvarande på mastergradsnivå.
Søkjarar som har bestått mastergraden eller leverer mastergradsoppgåva før 15. juni 2025 kan søke.
Erfaring og utdanning innanfor arbeids - og ansvarsområde til stillinga vil bli vektlagt. Dette gjeld særskilt erfaring med surveydesign, analyse av surveydata, og erfaring med ei eller fleire av målgruppene i panela (journalistar, politikarar, eller ansatte i forvaltninga).
Særleg gode ferdigheiter innan data-analyse og framstilling. Kjennskap til R og/eller STATA er eit krav.
God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk er eit krav.
Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og resultatorientert.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Moglegheiter til fagleg utvikling og kompetansebygging.
Stillinga har stillingskode 1020 og årsløn er for tida kr. 509 300, -.
Søknad med CV, vitnemål/karakterutskrift, tittel og samandrag av masteroppgåva og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”Søk på jobben”).
Søknadsbrevet skal skildre motivasjon og bakgrunn for stillinga og evt. indikere ambisjonar og tematikk for eiga doktorgradsavhandling i framtida.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.