LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskingskoordinator ved Centre for Research on Discretion and Paternalism

Søknadsfrist: 11.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Centre for Research on Discretion and Paternalism er eit tverrfagleg og internasjonalt orientert forskingssenter ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap.

Målsettinga med senteret er å utvikle grensesprengande kunnskap om forholdet mellom staten og individet, med særleg fokus på velferdsstatens legitimitet, statens maktutøving overfor innbyggarane og korleis slike inngrep blir rettferdiggjort. Empirisk er barns rettar og vilkår i samfunnet sentrale forskingstema.

Senteret har høge ambisjonar for utviding av kunnskapen på feltet, og leiar fleire store forskingsprosjekt finansiert av Det europeiske forskingsrådet og Norges forskingsråd. Vi søkjer nå ein dyktig forskingskoordinator som vil få eit variert og utfordrande arbeid med å legge til rette for forsking av høg kvalitet. Dette er ei fast stilling der både vitskapleg kompetanse og organisatorisk-administrativ erfaring vil komme til nytte.

Den som tiltrer i stillinga vil arbeide med å utvikle forskingssenteret, koordinere pågåande forskingsprosjekt og synleggjere aktivitetane på senteret ovanfor samfunnet. Forskningskoordinatoren skal arbeide tett med og rapportere til senterleiar. Stillinga er formelt lagt til fellesadministrasjonen for Administrasjon og organisasjonsvitskap, Samanliknande politikk og Sosiologi med administrasjonssjefen som personalansvarlig.

• Meir informasjon om senteret: www.discretion.uib.no

Arbeidsoppgåver:

Det daglege tilsyn med og koordinering av senteret si verksemd i samsvar med forskingsprosjektas målsettingar og senterleiar sine behov. Det er fire hovudarbeidsområder for stillinga:

Forskingsstrategiske oppgåver

  • Være orientert om utlysingar og fristar, planlegge og medverke i søknadsprosessar
  • Utvikle forskingsstrategiane for senteret og legge til rette for eit godt og produktivt forskingsmiljø
  • Handtere kontakt med samarbeidspartnarar og vedlikehalde senterets forskingsnettverk

Prosjektleiarstøtte

  • Hjelpe PI med økonomistyring, planlegging og rapportering i forskingsprosjekta
  • Handtere forplikting til personvern, datahandtering og open forsking
  • Koordinere og organisere ulike arrangement, workshops og konferansar
  • Organisere informasjonsflyt mellom partane i prosjekta og med administrative støttefunksjonar på fakultetet og sentralt
  • Hjelpe med innkjøp og anbod knytt til prosjekta

Kommunikasjonsstrategiske oppgåver

  • Profilere og promotere forskinga og forskarane på senteret
  • Utvikle, vedlikehalde og produsere innhald til nettside
  • Utforme nyheitsbrev og drifte senterets kontoar i sosiale media
  • Hjelpe forskarane med formidlingsarbeid

Administrative oppgåver

  • Planlegging av interne møter og aktivitetar
  • Ivareta fysiske omgivnader og teknisk infrastruktur for senteret
  • Medverke til koordinering og arbeidsleiing av dei administrative tenestene knytt til senteret
  • Utvikle og vedlikehalde rutinar, retningsliner og kvalitetssikring på senteret
  • Medverke til rekruttering og oppfølging av personale og gjester på senteret
  • Korrespondanse og variert sakshandsaming

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha minimum mastergrad innan samfunnsvitskaplege fag (andre fagområde kan bli vurdert dersom relevant for senterets aktivitet)
  • Søkjarar med doktorgrad innan samfunnsvitskaplege fag eller minimum 5 års relevant arbeidserfaring kan kvalifisere til seniorrådgivarstilling.
  • Kjennskap til universitets- og høgskolesektoren og forståing for vitskapleg verksemd vil bli vektlagt. Relevant erfaring med forskingsfinansiering og prosjektstyring er ønskeleg.
  • Solid digital kompetanse og særs god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk er et krav.
  • Evne å være fleksibel, ta initiativ og ansvar og arbeide sjølvstendig, systematisk og analytisk.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og vere ein ressurs i det faglege og sosiale fellesskapet.

Personlege eigenskapar nødvendig for stillinga vil bli særskilt vektlagt.

Vi kan tilby

  • Løn som rådgjevar i kode 1434, ltr. 62-65, og som seniorrådgjevar i kode 1364, ltr. 66 – 70, etter hovudtariffavtalane i staten (for tida utgjer det mellom 555 800 - 586 500 og 597 000 - 643 000).
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS