LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Overingeniør i datateknikk

Søknadsfrist: 17.10.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 12 000 studentar og 1900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Me skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalta naturressursane på og ved å leggja til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd og læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnader regionalt, nasjonalt og internasjonalt har me eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Me er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyd ei rekkje spennande kultur- og fritidsaktivitetar.


Saman med dei tilsette og studentane våre vil me løfta blikket og våga å tenkja stort og nytt — me vil utfordra det velkjende og utforska det ukjende.


Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Fakultetet har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver blir laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla fagmiljø som er internasjonalt leiande. Dette gjeld blant anna petroleums- og offshoreteknologi samt risikostyring og samfunnstryggleik, som er to av universitetet sine strategiske satsingsområde. Fakultetet har om lag 2.800 studentar og 400 tilsette fordelte på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som overingeniør i datateknikk ved Det teknisk- naturvitskaplege fakultet, Institutt for data- og elektroteknologi, Laboratoriet.

Den som blir tilsett skal bidra med god og relevant rettleiing både for studentar og tilsette. Arbeidsoppgåvene er særs varierte og inkluderer samarbeid på tvers av avdelingar i eit internasjonalt miljø. Vi ønsker ein nysgjerrig person som følgjer med i fagområdet, som ønskjer vidareutvikling både for seg sjølv og aktiviteten vår.

Hovudoppgåver

  • rettleia studentar i lab og med øvingsoppgåver
  • utvikle undervisningsopplegg og programvare
  • støtta stipendiatar og andre vitskapleg tilsette i forskingsarbeid

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant utdanning på minimum bachelornivå innan informatikk eller datateknikk
  • erfaring med programmering (Go, Python, JavaScript)
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det er ønskeleg med erfaring innanfor operativsystem, kommunikasjonsteknologi og systemadministrasjon (skripting, bash).

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Me tilbyd

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1087, kr 530 000 – 600 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om tilsettgode og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Verdiane åt universitetet er å vera uavhengig, involverande og skapande. Me vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt og er opptekne av å visa respekt for at folk er ulike og har ulik bakgrunn. Universell utforming ligg til grunn for det fysiske og digitale læringsmiljøet vårt, og arbeidsplassen kjem om naudsynt til å verta lagd til rettes for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Me oppmodar alle om å søkja, ubunde av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om ein i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.

Universitetet ynskjer å rekruttera fleire kvinner til avdelinga og oppmodar derfor spesielt kvinner til å søkja. Dersom fleire søkjarar vert vurderte å ha jambyrdige kvalifikasjonar, kjem ei kvinne til å verta prioritert føre ein mann.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Rosa Andrade, tlf: +47 51 83 11 91, e-post: [email protected].

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillingen" på denne sida. Her må ein registrera minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidsrøynsle i tillegg til språkkunnskapar. I søknadsbrevet må ein leggja fram kompetanse og motivasjon for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Om vedlegga vert større enn 30 MB samanlagt, må dei komprimerast føre opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Me gjer merksam på at opplysningar om ein søkjar kan verta offentleggjorde jamvel om søkjaren har bede om ikkje å verta oppførd på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom ei slik oppmoding ikkje vert teken til fylgje, kjem søkjaren til å verta varsla om det.

UiS vurderer berre søknader og vedlegg som er registrerte i Jobbnorge.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS