LEDIG STILLING VED NORD UNIVERSITET

Seniorrådgjevar - organisasjonsutvikling

Søknadsfrist: 12.12.2021

Nord universitet

Gjennom forsking, utdanning og samfunnsdeltaking, bidreg Nord universitet til å skape ei berekraftig framtid med utgangspunkt i vår geografiske lokalisering.

I samarbeid med samfunns- og næringsliv i Nordland og Trøndelag, fremjer våre 11 500 studentar og 1 350 tilsette innovative løysningar og kunnskapsbasert praksis, lokalt og internasjonalt.


Nord universitet har fire strategiske satsingsområde: blå og grøn vekst, berekraftig innovasjon og entreprenørskap, samfunnssikkerheit og helse, velferd og oppvekst.


Avdeling for økonomi og HR er organisert med tre underliggjande avdelingar. Desse blir leia av økonomi- og analysesjef, HR-sjef og nyoppretta stilling som kvalitet og HMS-sjef. I tillegg har direktør for økonomi og HR ein stab som består av fire medarbeidarar.


Avdelinga for økonomi og HR har til saman 47 årsverk og har mellom anna ansvar for universitetet si forvalting og økonomistyring, innkjøp, HR-funksjonar, HMS, kvalitetssikring og internkontroll, informasjonstryggleik, verksemdsstyring og organisasjons- og leiarutvikling.

Om stillingen

Ved Nord universitet, avdeling for økonomi og HR er det ledig ei fast 100 % stilling som seniorrådgjevar innan organisasjonsutvikling.

Vi søkjer ein seniorrådgjevar som har erfaring med leiing av prosjekt og prosessar innan organisasjonsutvikling som bidreg til at verksemda når dei strategiske måla sine. Du har erfaring frå prosjektleiing og kan skape tillit og kommunisere godt med alle delar av ein stor organisasjon. Vi ser etter ein person som evnar å sjå heilskapen ved Nord universitet der utvikling av organisasjon og medarbeidarar er sentrale berebjelkar i utviklinga av universitetet. I denne stillinga vil det vere ein fordel om du har erfaring frå leiing av prosjekt innanfor HR-området.

Vi søkjer ei person som har interesse for organisasjonsutvikling og kan dokumentere resultat frå prosjektleiing og organisasjonsutvikling i større organisasjonar. Den som blir tilsett vil inngå i staben til direktør for økonomi og HR og må rekne med utstrekt samarbeid med dei andre einingane til avdelinga og universitetet elles.

Stillinga har kontorstad Bodø.

Arbeidsoppgåver

  • Strategiske organisasjonsanalysar og vedtaksgrunnlag
  • Strategisk rådgjeving i samband med endringsprosessar, forbetringsprosessar og prosjekt. Koordinering av interne forbetringsprosessar
  • Identifisere og leie ulike prosjekt og utviklingsprosessar ved universitetet
  • Bidra til den vidare utviklinga av universitetet og sikre gjennomføring av prosjekt og prosessar. Bidra til at sentrale løysingar og beste praksis blir implementerte og etterlevde
  • Gje råd og støtte til kollegaar og leiarar ved universitetet
  • Andre oppgåver innan ansvarsområda til avdelinga må ein rekne med

Kvalifikasjonskrav

  • For tilsetjing i stilling som seniorrådgjevar er det krav om fagleg relevant mastergrad (gjerne innan samfunnsvitskap, leiingsfag eller økonomiske fag)
  • Relevant praksis og dokumentert evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid. Erfaring frå prosjektleiing, både strategisk og operativt
  • God forståing for arbeid i større organisasjonar
  • God formuleringsevne munnleg og skriftleg på norsk og på engelsk

Andre kvalifikasjonar og personleg eigna til jobben

  • Erfaring med leiing av omfattande endringsprosessar
  • Erfaring frå arbeid med organisasjonsutvikling.
  • Erfaring frå og/eller kunnskap om universitets- og høgskolesektoren

At ein er personleg eigna vil bli lagt vekt på. Vi er ute etter ein sjølvstendig og organisert person som evnar å setje saker på dagsorden, og kan identifisere område som er sentrale for den vidare utviklinga av universitetet. Personen som blir tilsett er initiativrik og energisk og skal ha utprega samarbeidseigenskapar og dokumenterbar gjennomføringskraft

Vi kan tilby

Stillinga blir løna etter statens lønsregulativ, kode 1364 seniorrådgjevar - ltr. 68-73, NOK 626 100,- - 689 600,- i året.Løn etter ansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkarar kan ein avtale høgare løn.

Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

  • God låne-, forsikrings- og pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling. Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Personen som blir tilsett skal rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til kvar tid gjeld for stillingane. Vi tek atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidige organisasjonsendringar ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar derfor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søkje. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for Hovudavtalen i staten.

Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med:

  • Direktør for økonomi og HR, Anne-Line Bosch Strand, e-post: [email protected], tlf: +47 75517112

Søknad

Søknad m/cv kopi av vitnemål og attestar sender du elektronisk innan 12.12.2021

All dokumentasjon lastast opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.

Det er søkjar sitt ansvar å sende inn fullstendig dokumentasjon elektronisk innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering..

Referanse: 30072005

Søk på stillingen

fnokode:1234

Powered by Labrador CMS