LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Rekneskapssjef - Økonomiavdelinga

Søknadsfrist: 18.04.2021

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som rekneskapssjef ved Økonomiavdelinga frå 1.9.2021.

Den som vert tilsett skal både ha fagleg- og personalansvar for Seksjon for budsjett og rekneskap. Stillinga rapporterer til økonomidirektør og den som blir tilsett vil vera ein av fire seksjonsleiarar som saman med økonomidirektør utgjer leiargruppa i Økonomiavdelinga. Fagleg ansvarsområde vil vera økonomistyring herunder budsjett, rekneskapsoppfølging, -analyse og -rapportering og intern kontroll.

Hovudoppgåver

  • leia og utvikla Seksjon for budsjett og rekneskap
  • koordinera intern budsjettprosess
  • intern og ekstern rekneskapsrapportering
  • rekneskapsoppfølging og -analyse
  • styresaker innanfor fagområdet
  • intern kontroll
  • utvikla og kvalitetssikra interne rutinar og retningslinjer
  • mva rapportering
  • gje råd og samarbeide med fageiningane innanfor fagområdet
  • delta i ulike institusjonelle og nasjonale utviklingsoppgåver

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad, innanfor økonomi/rekneskap. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • relevant erfaring, du bør ha leiarerfaring, erfaring frå offentleg økonomiforvaltning frå universitets- og høgskulesektoren og erfaring med bruk av Agresso/UBW
  • god rekneskapsforståing
  • gode IKT kunnskapar
  • god munnleg og skriftleg førestellingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
  • bidreg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i en stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • et ambisiøst arbeidsfellesskap og et inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.100, kode 1054 kontorsjef, kr 690.000 - 820.000 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn verta vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om godar for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram din kompetanse og motivasjon for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg til søknaden. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skreve om over.

Vi gjer òg merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ditt ønskje ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS