Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Ledig stilling ved IT-avdelinga – produktlinjeleiar vitskaplege berekningar
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ledig stilling ved IT-avdelinga – produktlinjeleiar vitskaplege berekningar
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.
Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.
IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga vil ha ei produktbasert tilnærming til våre leveransar. Den jobben har så vidt starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga.Ved IT-avdelinga er det ledig stilling som produktlinjeleiar for produktlinja vitskaplege berekningar.
Arbeidsoppgåver:
Ansvarlig for å lede produktlinja for vitskapelege berekningar
Delta i nasjonalt og noe internasjonalt samarbeid for IT-tenester til forsking
Delegert personalansvar for oppfølging av tilsette som er knyta til produktlinja frå IT-avdelinga
Ansvarlig for budsjettering og oppfølging av økonomien til produktlinja
Delta i drift og utvikling av tenestene i produktlinja
Brubyggjar mellom ulike tungreknemiljø og jobbe tett samen med utviklings- og driftsmiljøa i produktteamet for digitale forskingstenester
Fagkompetanse innanfor gruppas område
Gi innspel for å førebygge framtidige problem
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Minimum mastergrad eller tilsvarande utdanning innafor IT, informatikk, naturvitenskap eller andre relevante fag med stor fokus på algoritmer og beregninger
Kjennskap til fagområda som er knytt til produktlinja vitskapelege berekningar
Erfaring som enten bruker eller administrator frå tungrekning eller liknande miljø
Gode problemløysingsevner
Evne til å bygge eit godt team i gruppa
Samhandlar med de andre teama i produktgruppa
Serviceinnstilt og opptatt av å finne løysingar
Høy arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Nysgjerrig og med evne til å tilegne seg nødvendig kompetanse
Gode kommunikasjonsevner (munnleg/skriftleg på norsk og engelsk)
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
Stilling som senioringeniør (kode 1181) i ltr 67-72 (for tida. kr. 615 800 - 677 600 brutto) i statens regulativ. For særs kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Produktleiar Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137) eller
Underdirektør Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 46 47 46 44)
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.