Forskingsrådgjevar - Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon
Søknadsfrist: 04.01.2023
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon har ledig ei fast stilling i 100% som forskingsrådgjevar
Stillinga er lagt til Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII), i avdelingsleiar si linje. Avdelinga sitt ansvarsområde er rådgjeving, administrasjon og sakshandsaming knytt til HVL sine forskings-, internasjonaliserings- og innovasjonsaktivitetar, og vi skal legge til rette for at høgskulen lukkast i å nå målsettingane i høve til desse områda, følge opp HVL sine strategiar og støtte opp under universitetsambisjonen til HVL.
Forskingsadministrasjonen er ein del av AFII. Våre kompetanseområde omfattar ekstern finansiering av forsking og innovasjon, forskingsetikk og personvern i forsking, avtale- og kontraktsinngåing knytt til forsking og innovasjon, IPR og nyttiggjering av forskingsresultat, forskarutdanning og strategisk utviklingsarbeid knytt til forsking og innovasjon.
Vårt ansvar er heile HVL og vi jobbar på tvers av fakultet og campus.
Arbeidsstad for stillinga kan vere eitt av dei fem campusa ved HVL; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Ansvar og oppgåver lagt til stillinga omfattar administrasjon og rådgjeving knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitetar, med vekt på arbeid med ekstern finansiering.
Informere og rådgje forskingsmiljøa ved høgskulen om ekstern finansiering av forsking og innovasjon
Rådgjeving, rettleiing og støtte i utvikling av søknadar mot eksterne finansieringskjelder for forsking- og innovasjonsprosjekt, samt i oppfølging av innvilga prosjekt
Bidra i avdelinga sitt arbeid knytt til forskingsetikk og personvern i forsking
Bidra til å styrke samhandling mellom forskingsmiljøa ved høgskulen og andre regionale, nasjonale og internasjonale aktørar
Rapportering, utgreiing- og analyseoppgåver knytt til ansvarsområdet
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Høgare utdanning på minst masternivå
Relevant kompetanse og erfaring tilpassa funksjonane i stillinga
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
God digital kompetanse
Ønska kvalifikasjonar:
Relevant erfaring med EUs rammeprogram for forsking og innovasjon
Kunnskap om og interesse for forskingsetikk/personvern i forsking
God forståing for informasjonssikkerheit
Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren eller andre kunnskapsorganisasjonar
Personlege eigenskapar:
Kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar
Strukturert, systematisk og analytisk
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Stor arbeidskapasitet og god serviceinnstilling
Omgjengeleg og med evne til å trivast i eit travelt miljø
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som forskingsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 -rådgjevar. For særskilt kvalifiserte kandidatar kan stillingskode 1364 - seniorrådgjevar vurderast.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.