LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar / seniorrådgjevar - læringsplattform

Søknadsfrist: 01.01.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ansvar for høgskulens UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet favner utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilrettelegjer for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulens utdanningstilbod. ALU deltar og aktivt i HVL’s forsking på eigne utdanningar

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning har ledig stilling som ansvarleg for læringsplattform (Canvas) og pedagogisk programvare

Høgskulen på Vestlandet og Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ledig stilling som rådgjevar / seniorrådgjevar. ALU har ansvar for å bidra til utdanningsfagleg kompetanse hos undervisarar. Avdelinga skal og støtte tilsette og studentars utvikling av digitale kompetanse. Som rådgjevar skal du jobbe med digitalisering og læringsteknologi og vil ha driftsansvar for høgskolen si læringsplattform.

Arbeidsstaden er ved ein av høgskulen sine fem campus. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Læringsplattform, systemansvar og integrasjon:

  • Handtere og oppdatere læringsplattformen Canvas for å sikre eit effektivt og brukarvennleg læringsmiljø for studentar og lærarar
  • Leie drift, vedlikehald og oppdatering av læringsplattform og annan pedagogisk programvare
  • Bidra til saumlaust samspel mellom pedagogisk programvare og læringsplattform og andre digitale system i samarbeid med IT. 

Pedagogisk bruk av teknologi:

  • Vurdering og implementering av pedagogiske teknologiske verktøy for å støtte undervisnings- og læringsprosessanne
  • Kjennskap til krava om universell utforming av IKT/Accessibility,

Prosjektleiing og utviklingsansvar:

  • Leie og koordinere teknologiske og pedagogiske prosjekt, frå konseptutvikling til implementering
  • Bidra til kontinuerleg forbetring og innovasjon av teknologiske og pedagogiske ressursar ved høgskulen
  • Utarbeide detaljerte rapportar og presentasjonar relatert til teknologi og pedagogisk utvikling ved høgskulen
  • Bidra i arbeidet med vurdering og utveljing av teknologiske verktøy og tenester basert på anbod og høgskulen sine behov

Digitalisering:

  • Leie og støtte initiativ for å fremje digital transformasjon i undervisning og administrasjon
  • Delta aktivt i arbeide med å utforske og implementere løysingar basert på kunstig intelligens for å styrke læringsopplevinga og effektiviteten ved høgskulen

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning, helst mastergrad eller høgare, innan IT, pedagogikk, prosjektleiing eller relaterte felt.
  • Minimum 3-5 år med relevant arbeidserfaring, spesielt innanfor høgare utdanning og læringsteknologi
  • Erfaring med prosjektleiing og koordinering av teknologiske prosjekt.
  • Inngåande kjennskap til læringsplattformar som Canvas.
  • Erfaring med integrasjon av ulike IT-system.
  • Sterke skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til anbudsprosessar og vurdering av teknologiske verktøy og tenester.
  • Forståing for korleis teknologi kan brukast til å støtte og forbetre pedagogiske prosessar.
  • Evne til å vurdere og anbefale pedagogisk programvare.
  • Evne til å presentere kompleks informasjon på ein klar og forståeleg måte.

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig, proaktiv, og resultatorientert.
  • Evne til å tilpasse seg endringar og ny teknologi.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar / 1364-seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS