Rådgjevar / seniorrådgjevar innanfor rekneskap og digitalisering
Søknadsfrist: 25.01.2023
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.HVL si Avdeling for økonomi er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til det ligg ansvaret for HVL si samla økonomifunksjon, arealforvalting, drift og prosjektoppfølging. Til området ligg også verksemdsstyring og internrevisjon.
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for økonomi har ledig fast 100% stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar innanfor rekneskap og digitalisering
Stillinga vil vere knytta til Avdeling for økonomi, seksjon for rekneskap, som er leda av Direktør for økonomi og arealforvaltning. Seksjonen har eit stort og bredt ansvarsområde innanfor rekneskapsområdet.
Stillinga har arbeidsstad på ein av høgskulen sine fem campus: Bergen, Sogndal, Førde, Stord eller Haugesund.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga ligg til seksjon for rekneskap, men vil vere i tett samarbeid med digitaliseringsteamet ved HVL.
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak tenkt retta mot:
Digitalisering og automatisering innanfor ulike økonomifunksjonar
Implementering og tilpassingar av programvarer
Drift og vedlikehald av portalar og digitale robotløysingar
Andre oppgåver vil vere støtte og rettleiing i fakturagodkjenningssystemet (Unit4 ERP)
Avstemmingsoppgåver
Andre driftsoppgåver på seksjon for rekneskap kan og påreknast
Kvalifikasjonskrav:
Bachelor- eller mastergrad innanfor IT-fag, økonomi og/eller organisasjonsutvikling. Anna relevant utdanning kan og bli vurdert
Gode IT-kunnskapar og god digital kompetanse
Interesse for digitalisering, automatisering og digitale robotar
God forståing av prosessar og arbeidsflyt
Forholda seg til lover og reglar på området
Personlege eigenskapar:
Evne til å arbeide sjølvstendig, og samarbeide godt med andre
Kunne arbeide systematisk, ta initiativ og være ein pådrivar
Gjennomføringsevne og resultatorientering
Strukturert og nøyaktig
For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskoden som seniorrådgjevar vere aktuelt. For stillinga som seniorrådgjevar er det krav om relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum fullført mastergrad. Vidare er det ei føresetnad om omfattande relevant fagadministrativ erfaring og spesialkompetanse på særleg høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga. Slik realkompetanse kan kompensere for kravet om fullført mastergrad, med forutsetning at søkjar har bachelorgrad.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar/1364 - seniorrådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Fagansvarleg rekneskap, Ellen England, tlf: 90779144, e-post: Ellen.England@hvl.no