LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

HR-rådgjevar

Søknadsfrist: 17.04.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 500 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for helse- og sosialvitskap er det ledig melombels 100% stilling som HR rådgjevar i fakultetsadministrasjonen

Vikariatet er ledig omgående og til og med 31.07.2024, med mogelegheit for forlenging.

Arbeidsplassen er ved ein av HVL sine fem campus: Førde, Sogndal, Bergen, Stord eller Haugesund.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Kartlegge og utarbeide analysar knytt til kompetansebehov i fakultetet med utgangspunkt i bestillingar frå leiargruppa
  • Rapporterings- og utgreiingsarbeid som skal bygge opp under den strategiske utviklinga av fakultetet
  • Støtte fakultetsleiinga i arbeid med rekruttering, kompetanseutvikling og bemanning
  • Fagleg ansvar for og utvikling av arbeidsområdet
  • Samarbeid med tilsette i fellesadministrasjonen og administrasjonane på kvart enkelt campus
  • Oppfølging og utvikling av arbeidsplanarbeid i samarbeid med fakultetsleiinga
  • Oppfølging og utvikling av kompetansekartleggingsverktøy i samarbeid med HR sentralt
  • Leiarstøtte innan HR-relaterte tema som personaladministrative saker, fråvær og løn
  • Sakshandsaming og organisering av partsamarbeid på fakultetsnivå (ID møter)
  • Sakshandsaming av særavtalar, praktisering og handsaming i fakultetet
  • Utvikling av administrative rutinar og verktøy på fakultet og på fellesnivå
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle etter behov

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
  • Administrativ erfaring og kompetanse innan fagområdet, og gjerne erfaring med HR arbeid i ei større verksemd
  • Solid kjennskap til bruk av administrative datasystem og generelt god IKT-kompetanse
  • Gode skriftlege og munnlege språkkunnskapar i norsk og engelsk

Det er og ønskeleg med:

  • Relevant erfaring frå saksbehandling i offentleg sektor, gjerne UH-sektoren

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og i team
  • Stor arbeidskapasitet og god serviceinnstilling
  • Fleksibilitet og fagleg engasjement
  • Systematisk og opptatt av kvalitet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Administrasjonssjef Trude Engebretsen, telefon 55 58 78 86

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS