LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Prosjektleiar - Fakultet for helse- og sosialvitskap

Søknadsfrist: 30.11.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.


HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 490 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Prosjektstilling innan det digitale læringsmiljøet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Høgskulen på Vestlandet, har ledig inntil 100 % prosjektstilling med ansvarsområde vidareutvikling av det digitale læringsmiljøet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, er det ledig 1 fagleg prosjektstilling i inntil 100 % for å vidareutvikle det digitale læringsmiljøet ved fakultetet. Stillinga er ledig for snarleg tilsetting og til 31.21.2024.

Den som vert tilsett vil bli knytt til eit av fakultetet sine institutt og inngå i fakultetet sitt team for utvikling av undervisning.

Primærarbeidsstad vil vere ved eit av våre fem campus i Førde, Bergen, Stord, Haugesund eller Sogndal, men ein må rekne med noko reising mellom campusa.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • støtte og opplæring av fagmiljøa i bruk av digitale pedagogiske verktøy
  • utarbeide læringsdesign i tett samarbeid med fagmiljøa
  • videoproduksjon til undervisning og læring
  • oppfølging og brukarstøtte knytt til digitale samhandlingsverktøy (Canvas, padlet, mentiH5P med fleire)
  • samarbeid med høgskulen sine kompetansesenter for teknologi og media , som Avdeling for utvikling av læring og undervisning, Medialab og Læringslab
  • delta i prosjektarbeid
  • inngå i fakultetet sitt team for utvikling av undervisning

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • det er ønskjeleg at den som vert tilsett har god datafagleg kompetanse. Dokumentert relevant realkompetanse og erfaring kan erstatte formell datafagleg utdanning
  • relevant høgare utdanning på bachelornivå - helst masternivå
  • det er ønskjeleg med utdanning innan eit av fakultetet sine fagområde
  • erfaring med pedagogisk arbeid
  • erfaring frå stillinga sine arbeidsoppgåver. Vi ber om at det i søknaden vert lagt ved ei skildring av eige arbeid som kan leggast fram i eit intervju
  • det er ønskjeleg med erfaring med brukarstøtte
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk, i tillegg til engelsk

Personlege eigenskapar:

  • sjølvstendig og ansvarleg
  • gode samarbeidsevner
  • fleksibel og løysingsorientert
  • god evne til formidling

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Prosjektstillinga er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskoden 1113 - prosjektleiar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prodekan for utdanning ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Unni Margrethe Uren Aasen, tlf 57 67 62 36 e-post [email protected]

2) Dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Randi Skår, tlf 951 46 987 e-post [email protected]

Søk stilling

Powered by Labrador CMS