LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Seniorkonsulent / Rådgivar - Studentinnovasjon - HVL Skape

Søknadsfrist: 24.09.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring skal bidra til at HVL er ein synleg og attraktiv institusjon og samarbeidspartnar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.


Avdelinga skal vere pådrivar for å vidareutvikle eksternt samarbeid, styrke høgskulen sin posisjon i regionen og synleggjere HVL som ein vesentleg kunnskaps- og kompetanseaktør. Avdelinga skal bidra til at HVL sine fagmiljø er attraktive samarbeidspartnarar for privat næringsliv og offentlege verksemder. Til avdelinga ligg også eit særskilt ansvar for å støtte fakulteta sitt arbeid med å utvikle studietilbod i eit livslangt læringsperspektiv, og tilby fleksible utdanningar.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for samfunnskontakt, arbeidsliv og livsland læring har ledig ei 50 % stilling som seniorkonsulent/rådgivar.

HVL Skape (www.hvlskape.no) er Høgskulen på Vestlandet (HVL) si satsing på studentinnovasjon- og entreprenøskap utover det som skjer i fag og emne. Tilbodet gjeld alle studieretnigar og på dei fem campusane til HVL (Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord).

HVL Skape er ei del av Avdeling for samfunnskontakt- arbeidsliv og livslang læring. Avdelinga skal vere pådrivar for å vidareutvikle samarbeid med arbeids-, nærings-, og samfunnliv, styrke HVLs posisjon i regionen og synliggjere HVL som kunnskaps- og kompetanseaktør.

Stillinga vi no lysar ut skal ha eit særleg fokus på aktivitetar knytt til HVL campus Haugesund og HVL campus Stord, men vil inngå i HVL Skape-teamet som har ressursar på alle dei fem campusane. Noko reiseaktivitet mellom HVL sine campusar må påreknast.

Stillinga er ope for søknad frå eksterne søkjarar, og for søkjarar frå HVL. Stillinga kan t.d. kombinerast med ei administrativ stilling eller ei fagstilling. For interne søkjarar vert det forutsett at vedkommande som vert tilbudt stillinga får permisjon frå noverande stilling ved HVL tilsvarande 50 prosent stilling.

Stillinga vert utlyst som prosjektstilling i ein fase kor HVL Skape byggast opp i ny struktur ved HVL. Vi haustar stadig erfaringar med studentassistent-engasjement, delte stillingar med privat og offentlig sektor, samt delstillingar i administrasjon/fakultet. Med denne prosjektstillinga er det ein intensjon at arbeid utover HVL Skape og heng i hop med HVL sitt samfunnsoppdrag og overordna HVL-strategi.

Stillinga er ledig i perioden 15.09.2023-14.09.2025.

Arbeidsstaden er campus Stord eller Haugesund.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Bidra i HVL sitt arbeid med tilrettelegging for innovasjon og entreprenørskap blant studentar gjennom HVL Skape

  • Mobilisere til auka innovasjons- og entreprenørskapskultur

  • Rettleie studentar i innovasjons- og gründerprosjekt

  • Oppfølging av studentassistentar i HVL Skape (studentar tilsett i 20 prosent-stilling i HVL Skape) i Haugesund/Stord

  • Arrangement og aktivitetar i regi av HVL Skape, med et særleg ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av arrangement og aktivitetar ved HVL sine campusar i Haugesund og Stord

  • Bidra i arbeidet med å koordinere og gjennomføre aktivitet i HVL Skape gjennom tett samarbeid internt i HVL, og med øvrige samarbeidspartnarar 

  • Tilrettelegging for nettverksbygging og møteplassar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Bachelorgrad, gjerne mastergrad, med relevans for den utlyste stillinga

  • Gode formidlingsevner

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, eventuelt anna skandinavisk språk, og engelsk

  • God kjennskap til høgare utdanning og høgskulen sitt samfunnsoppdrag

  • God kjennskap til entreprenørskap og innovasjonsprosessar kan vere ein føremon

  • God kjennskap til arbeids-, nærings-, og samfunnsliv i Sunnhordland, på Haugalandet eller i Rogaland for øvrig kan vere ein føremon

  • Erfaring frå prosjektarbeid, prosjektutvikling og søknadsprosessar knytt til eksternfinansiering kan vere ein føremon

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer ein kandidat med gode samarbeidsevnar. Kandidaten bør like- og evne å kome i kontakt med folk, vere løysingsorientert, og kunne bidra til å skape engasjement. Samstundes som kandidaten må evne å arbeide sjølvstendig, målretta, strukturert og strategisk.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som seniorkonsulent/rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent, 1434 - rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar, John Tveit, 55 58 75 02

Søk stilling

Powered by Labrador CMS