Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 500 studentar fordelt på fem campus: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om lag 2700 studentar og 140 tilsette.
Det er 11 bachelorprogram og 4 masterprogram ved fakultetet. FØS er vertsfakultet for doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har også eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN).
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, har ledig stilling som instituttleiar ved Institutt for samfunnsvitskap
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap søkjer instituttleiar til Institutt for samfunnsvitskap i fireårig åremålsstilling. Åremålet er ledig for tiltreding frå 01.01.2023.
Stillinga sin hovudarbeidsstad vil vera ved campus Sogndal, men instituttet har utdanningar på fleire campus og den som vert tilsett må rekne med ein del reiseverksemd mellom campusa.
Ansvarsområde
Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttet og dei tilsette ved instituttet. Instituttleiar rapporterer til dekan, inngår i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.
Instituttleiar skal, som fagleg ansvarleg, leggje til rette for at instituttet sine primærfunksjonar - utdanning, forsking, utvikling, innovasjon og formidling - held høg kvalitet.
Som ansvarleg for effektiv utnytting av instituttet sine ressursar, skal instituttleiar sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulen sine mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.
Instituttleiar har òg ansvar for at forvaltingsoppgåver vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene i stillinga er i hovudsak knytt til:
Utdanningsleiing
Forskingsleiing
Personalleiing og medarbeidarutvikling
Regional utvikling
Dette omfattar mellom anna å:
Leie arbeidet med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnet sine behov på tvers av campus
Leggje til rette for og utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på phd-nivå
Leggje til rette for forsking og fremje forskingsfellesskapet i fakultetet
Arbeide for internasjonalisering og innovasjon i utdanning og forsking
Arbeide for eit godt læringsmiljø for studentane på instituttet
Leggje til rette for og fremje samarbeid og nettverk på tvers av campus
Legge til rette for digital vidareutvikling av utdanning og forsking
Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde
Vidareutvikle det utoverretta samspelet med regionane og medverke til innovasjon
Instituttleiar skal samstundes:
Syte for at instituttet sine økonomiske rammer vert haldne og sikre god og formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
Ivareta personal- og HMS-ansvaret for instituttet sine tilsette
Stimulere instituttet sine tilsette til kompetanseutvikling og til å utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet
Stimulere dei tilsette til formidling av instituttet sine fag- og forskingsområde
Bidra til at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte studentar og tilsette
Leggje til rette for at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass
Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse
Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde
Leiarerfaring
Dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt
Erfaring frå utdannings- og/eller forskingsleiing er ein føremon
Generelle kompetansekrav
God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonane og praksisfelta som instituttet femnar om er ein føremon
Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
Gjennomføringsevne og resultatorientering
Løysings - og utviklingsorientering
Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og -utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som instituttleiar lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1475 - instituttleiar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at ønskje om å ikkje blir oppført på den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i offentleglova og at opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om slikt unntak. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskjet ikkje vert teke til følgje.
Det kan bli endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV.
Rettrettstilling etter åremål kan vurderast for søkjarar som på grunn av alder, eller som av andre særlege årsaker, kan ha vanskar med å skaffa seg nytt arbeid etter at åremålet går ut.