LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Assisterande instituttleiar for GLU, PPU og masterutd ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag

Søknadsfrist: 24.08.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett.

HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5830 studentar og 545 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er óg ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir óg undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod. 

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig åremålsstilling som assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for grunnskulelærarutdanningar (GLU), PPU (praktisk pedagogisk utd.) og masterutd. ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett søkjer assisterande instituttleiar med funksjonsansvar for grunnskulelærarutdanningar (GLU), PPU (praktisk pedagogisk utdanning) og masterutdanning for lærarar ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 01.01.2026.

Assisterande instituttleiar skal bistå instituttleiar i leiinga av instituttet og vil ha personalansvar for delar av personalet i instituttet. Det faglege funksjonsansvaret inneber fagleg ansvar for instituttet sine fag- eller kunnskapsområde i utdanningsprogram, overordna ansvar for oppfølging av studentar i programma og kopling mellom funksjonsområdet og fakultetet sin forskingsaktivitet.

I Institutt for idrett, kosthald og naturfag er funksjonsansvaret fordelt slik mellom dei ulike assisterande instituttleiarane:

  • Assisterande instituttleiar for nasjonalt oppdrag (mat, helse og fysisk aktivitet), partnarskap, heilskapleg system for kompetanse og karriereutvikling for lærarar i barnehage og skule, skulefritidspedagogikk og barnehagelærarutdanningar (BLU)
  • Assisterande instituttleiar for grunnskulelærarutdanningar (GLU), PPU (praktisk pedagogisk utdanning) og masterutdanning
  • Assisterande instituttleiar for idrett, friluftsliv og folkehelseutdanningane, lærarutdanning i praktisk og estetiske fag og vidareutdanningar

Arbeidsstad er Bergen, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning, forsking og innovasjon innanfor delar av instituttet sine fagområde
  • Leie arbeidet med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov og utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå, og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på phd.-nivå
  • Stimulere instituttet sitt personale til kompetanseutvikling og til å utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet
  • Sjå til at instituttet sine økonomiske rammer vert haldne, og bidra til å sikre god og formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
  • Bidra til at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte studentar og tilsette
  • Ivareta personal- og HMS-ansvar for delar av instituttet sine tilsette og bidra til at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass
  • Bidra til å utvikle instituttet for å oppnå strategiske mål
  • Legge til rette for digital vidareutvikling av utdanning, forsking og innovasjon
  • Stimulere dei tilsette til formidling av instituttet sine fag- og forskingsområder
  • Legge til rette for, og fremje samarbeid, på tvers av einingane og campus i institusjonen
  • Arbeide for internasjonalisering i utdanning, forsking og innovasjon
  • Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på sitt institutt
  • Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde

Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL.

MyndeAssisterande instituttleiar har mynde delegert frå instituttleiar og rapporterer til instituttleiar. Vidare inngår assisterande instituttleiar i instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt

Generelle kompetansekrav:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
  • Erfaring frå, og/eller solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonane og praksisfelta som instituttet femnar om er ein føremon
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som assisterande instituttleiar er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 - studieleiar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Søk stilling

Spørsmål om stillinga

  • Vegard Fusche Moe - Prodekan for forsking (dekan frå 01.08.2025), +47 922 84 709, Vegard.Fusche.Moe@hvl.no
  • Frode Fretland (Instituttleiar), +47 415 02 329, Frode.Fretland@hvl.no
Powered by Labrador CMS