LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Seniorrådgjevar innan Charter and Code - HR

Søknadsfrist: 16.04.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem kampus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, maritime studier og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem kampusane. Avdelinga skal arbeida tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området.

Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for HR har ledig 2-årig prosjektstilling som seniorrådgjevar innan Charter and Code

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % stilling i to år som prosjektleiar for arbeidet med å oppnå EUs “HR Excellence in Research”-sertifisering.

I Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin strategi er eit sentralt mål at vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Å oppnå “HR Excellence in Research”-sertifisering inngår i høgskulens satsing mot akkreditering som universitet. Prosjektet vil omfatte store delar av organisasjonen og vil vere eit koordineringsarbeid mot ulike einingar. Prosjektleiar for arbeidet med Charter and Code vil rapportere til organisasjonsdirektør. Prosjektleiar har ansvar for å koordinere arbeidet og det forventast at prosjektleiar også tek ansvar for å skrive store delar av søknaden som skal skrivast på engelsk.

Arbeidsplassen er ein av kampusane i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvars- og arbeidsoppgåver lagt til stillinga inkluderer:

  • Ansvar for styring, framdrift og leveransar i prosjektet
  • Leie og delta i utføring av arbeidet knytt til dokumentasjonsarbeidet
  • Koordinere arbeidet, utarbeide og kvalitetssikre søknaden om akkreditering som HR Excellence in Research
  • Rapportere til styringsgruppa for prosjektet

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgre utdanning fortrinnsvis på masternivå
  • Erfaring med prosjektleiing er ønskjeleg
  • Relevant administrativ erfaring og kompetanse
  • God kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • Kunnskap om relevant lov og avtaleverk
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk og norsk
  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prosjektleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrågjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar for HR, Wenche Fjørtoft, telefon +47 55 58 78 13 eller mobil +47 41559822

2) Nestleiar for HR, Anne Marit Morken, telefon +47 90954107

Søk stilling

Powered by Labrador CMS