Forskingsrådgjevar - Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap
Søknadsfrist: 24.05.2021
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt med totalt om lag 120 tilsette og 2000 studentar.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har ledig vikariat som forskingsrådgjevar
Om stillinga:
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig eit toårig vikariat i 50% stilling som forskningsrådgjevar ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS).
Stillinga kan ha arbeidsplass ved campus i Haugesund, Sogndal eller Bergen
Vikariatet er ledig frå 1. juni 2021. Forlenging kan bli aktuelt.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Saksførebuing og -oppfølging, strategisk utviklingsarbeid, rapportering, utgreiings- og analyseoppgåver
Rådgjeving, mobilisering og støtte i samband med eksternt finansiert forskning
Sekretær for Forskings- og utviklingsutvalet (FoU-utvalget) ved fakultetet
Administrativ støtte for tildeling av intern FoU-tid
Administrativ støtte i kvalifiseringsprogram
Støtte til handtering av forskingsetiske problemstillingar
Forskningsadministrativ støtte til forskingsleiinga og forskingsprogram
Bistand ved forskingsarrangement/seminarer
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Høgare utdanning på masternivå
Relevant administrativ erfaring og spesialkompetanse innanfor ansvarsområdet og tilpassa funksjonane i stillinga
Rådgjevaren må kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
God munleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
God digital kompetanse
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer ein medarbeidar som er fleksibel og omgjengeleg og som har evna til å arbeide strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som forskingsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga er større enn15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonr ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf. Offentleglova). Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Difor vil vi ha mest mogleg jamvekt mellom menn og kvinner, og mellom eldre og yngre. Vi ønskjer òg å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funkjsonsevne og hol i CV-en. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn.