LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Forskingsrådgjevar - Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon

Søknadsfrist: 22.09.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon har ledig fast stilling som forskingsrådgjevar

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast 100% stilling som forskingsrådgjevar.

Stillinga er lagt til Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII), i avdelingsleiar si linje. Avdelinga sitt ansvarsområde er rådgjeving, administrasjon og sakshandsaming knytt til HVL sine forskings-, internasjonaliserings- og innovasjonsaktivitetar, og vi skal legge til rette for at høgskulen lukkast i å nå målsettingane i høve til desse områda, følge opp HVL sine strategiar og støtte opp under universitetsambisjonen til HVL.

Forskingsadministrasjonen er ein del av AFII. Våre kompetanseområde omfattar ekstern finansiering av forsking og innovasjon, avtale- og kontraktsinngåing knytt til forsking og innovasjon, IPR og nyttiggjering av forskingsresultat, forskarutdanning, forskingsetikk og personvern i forsking og strategisk utviklingsarbeid knytt til forsking og innovasjon.

Vårt ansvar er heile HVL og vi jobbar på tvers av fakultet og campus.

Arbeidsstad for stillinga kan vere eitt av dei fem campus ved HVL; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvar og oppgåver lagt til stillinga omfattar administrasjon og rådgjeving knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitetar, med vekt på arbeid med ekstern finansiering.

  • Informere og rådgje forskingsmiljøa ved høgskulen om ekstern finansiering av forsking og innovasjon
  • Rådgjeving, rettleiing og støtte i utvikling av søknadar mot eksterne finansieringskjelder for forsking- og innovasjonsprosjekt, samt i oppfølging av innvilga prosjekt
  • Bidra til innovasjonsarbeidet i avdelinga
  • Bidra til å styrke samhandling mellom forskingsmiljøa ved høgskulen og andre regionale, nasjonale og internasjonale aktørar
  • Rapportering, utgreiing- og analyseoppgåver knytt til ansvarsområdet

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning på minst masternivå
  • Relevant administrativ erfaring innan forsking og innovasjon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant erfaring med EUs rammeprogram for forsking og innovasjon
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren eller andre kunnskapsorganisasjonar

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Evne til å arbeide strukturert og systematisk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Stor arbeidskapasitet og god serviceinnstilling
  • Omgjengeleg og med evne til å trivast i eit travelt miljø

Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som forskingsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar. For særskilt kvalifiserte kandidatar kan det vurderast å tilsetja i stillingskode 1364 – seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Avdelingsleiar Eirin Fausa Pettersen, tlf. 55 58 75 19 / 951 43 100, e-post: Eirin.Fausa.Pettersen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS