LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar / Seniorrådgjevar innan internasjonalisering

Søknadsfrist: 01.10.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon har ledig fast stilling i 100% som rådgjevar/seniorrådgjevar innan internasjonalisering

Vi søker ein rådgjevar/ seniorrådgjevar med inngåande kunnskap om internasjonalisering innan høgare utdanning og forsking. Rådgjevaren/ seniorrådgjevaren bør ha god erfaring med prosjektutvikling innan internasjonalt kunnskapssamarbeid. Rådgjevaren/ seniorrådgjevaren skal primært jobbe med ekstern finansiering knytt til globalt kunnskapssamarbeid.

Hovudoppgåvene vil vere administrativ støtte til eksternt finansierte prosjekt, primært med prosjektutvikling. Prosjekta vert utvikla i team med vitskapleg tilsette, rådgjevarar, prosjektøkonomar og anna relevant støttepersonell som bibliotekarar, medie- og kommunikasjonsrådgjevarar osb.

EU og Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir.) er hovudfinansieringskjelde, søknadar til andre finansieringskjelder kan og inngå. Rådgjevaren/ seniorrådgjevaren vert forventa å bidra til utviklinga av HVL sitt rådgjevarteam innan internasjonalisering, forsking og innovasjon.

Arbeidsstad er campus Stord

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåvene for rådgjevaren/ seniorrådgjevaren er administrativt arbeid med særskilt fokus på å:

  • Bidra til å auke HVL si eksterne finansiering innan globalt kunnskapssamarbeid
  • Administrativ støtte til søknadsutvikling
  • Vere oppdatert på utviklinga av program knytt til global kunnskapssamarbeid, utlysingar og tema
  • Gje strategiske råd til leiarar, vitskapleg tilsette og administrativt tilsette i saker knytt til globalt kunnskapssamarbeid
  • Bidra til utvikling av strategiar og handlingsplanar, ta initiativ til utgreiing og analyse innan fagfeltet
  • Delta i utvikling av administrative prosedyrar for internasjonalisering ved HVL (inkludert digitalisering av prosedyrar) og prosjektleiing

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på minimum masternivå eller tilsvarande
  • Relevant erfaring frå globalt kunnskapssamarbeid
  • Relevant erfaring med internasjonale prosjekt innan forskings- og/eller utdanningssamarbeid
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Evne til å arbeide strukturert og systematisk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Omgjengeleg og med evne til å trivast i eit travelt miljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434-rådgjeva / 1364-seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Avdelingsleiar Eirin F. Pettersen, 55 58 75 19, Eirin.Fausa.Pettersen@hvl.no
  • Nestleiar Elin Kvaale, 55585552, elin.kvaale@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS